Ropar varsku om arvesølvet

– Kraftbransjen må bli betre til å samarbeide og tenkje strategisk for å sikre arvesølvet i fylket, seier dagleg leiar Leon Bakkebø i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Brulandsfossen

ØNSKJER MEIR SAMARBEID: I ein kronikk skriv Leon Bakkebø i Sogn og Fjordane Næringsråd at det hastar med å sikre eigarskap i energisektoren. (Arkivfoto)

Foto: ØYVIND FLØ KVAMSÅS

Leon Bakkebø, dagleg leiare i Sogn og Fjordane næringsråd

VIL HA MEIR SAMARBEID: – Vi må tenke strategisk samarbeid for å stille sterkare. Vi må også skape meir forretningsutvikling rundt kjerneverksemda, seier Bakkebø.

Foto: Privat

– Vi risikerer å stå igjen som eit fragmentert kraftfylke, seier han.

I ein kronikk i Sogn Avis har Bakkebø åtvara mot konsekvensane dersom ikkje energibransjen i fylket tenkjer nytt. Han meiner at det hastar med å sikre eigarskap, verdiar og arbeidsplassar i energisektoren.

– No er det slik at kvar av aktørane er så store at dei klarer seg sjølv, og ikkje har behov for samarbeid i det daglege. Men inn i eit meir krevjande framtidsbilete trur eg at også dei store selskapa i fylka blir for små kvar for seg, seier Bakkebø.

Han meiner at dei store aktørane må tore å fusjonere seg, spesielt etter regionssamanslåinga. Dersom dei ikkje gjer det, fryktar han konsekvensane.

– Det blir lettare for større aktørar utanfor fylket å ta eigarposisjonar i selskapa, og dermed mistar vi kontrollen på heile eller delar av kraftsektoren i Sogn og Fjordane, seier Bakkebø.

Magnar Isene syner Fredrik Behrens ein turbin

STORE VERDIAR: I 2015 produserte energisektoren kraft til ein verdi av over fire milliardar kroner i Sogn og Fjordane. Magnar Isene (t.v) viser kraftdirektør Fredrik Behrens ein turbin på kraftverket i Stakaldefossen.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Må bli større for å utvikle seg

Administrerande direktør Fredrik Behrens Sunnfjord Energi er einig.

– Det er ikkje lenger slik at ein gjer alt sjølv og driv alt sjølv i ei verksemd. For å klare å utvikle oss må vi utvikle større miljø enn dei vi har, seier han.

Fredrik Behrens

SAMD: Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi trur det er viktig å samarbeide.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Sunnfjord energi er alt inne i ein prosess med Sogn og Fjordane Energi der dei prøver å sjå ting på nye måtar, men utan å fusjonere.

– Om vi skal slå saman alt er eit ope spørsmål, og igjen eit spørsmål om kva eigarane våre vil støtte opp om, seier Behrens.

– Tar ikkje tak i dei viktigaste utfordringane

Administrerande direktør i Sognekraft Terje Bakke Nevdal er overraska over innhaldet i kronikken i Sogn Avis. Han seier at Sognekraft har bygt nettverk og hatt alliansar i over ti år.

Kraftstasjonen i Stakaldefossen

KRAFTSTASJON: På kraftverket i Stakaldefossen produserer Sunnfjord Kraft nok straum til om lag 3000 husstandar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi har eit utstrakt samarbeid i dag, der vi driftar Svelgen i lag. Vi samarbeider også om ei rekkje ulike tekniske utfordringar. Det som er viktig for oss framover er digitalisering. Det nemner ikkje Bakkebø med eitt ord. Han har ikkje peika på dei viktigaste utfordringane vi har, seier Nevdal.