Hopp til innhold

Rømte i sårbart område

Fylkesmannen er uroa for villaksen i Kvinnherad etter nok ei lakserømming.

Laks på vei opp en foss.

UROA: Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen er redd for laksestamma i Kvinnherad.

Foto: Colourbox / PHOTOPQR/LA MONTAGNE

- Det står svært dårleg til med villaksen i dette området, seier Atle Kambestad i miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland.

LES ÒG: Kan bli rike på rømt laks

Store problem

Tidlegare i dag vart det kjent at 8800 oppdrettslaks rømte frå slakteriet Viking Fjord Sunde tysdag kveld. Rømminga skjer i eit område som allereie er prega av hyppige angrep av lakselus og der mykje oppdrettslaks har rømt tidlegare.

- I tillegg har villaksen overlevd dårleg i sjøen i dette området, seier Kambestad.

Han tykkjer det er trist at villaksen nok ein gong blir truga.

- Dersom det ikkje skjer noko drastisk snart, er laksestamma i dette området på veg ut. Sjøauren slit også, fortel Kambestad.

LES ÒG: Lakseeksporten upåverka av bråket

Avverga

Fylkesmannen samarbeider no med Fiskeridirektoratet og med selskapet Viking Fjord Sunde for å organisera gjenfiske.

- Førebels er ikkje fisken kjønnsmogen, og det er bra, seier Kambestad.

Ove Gjerde i selskapet Viking Fjord oppfordrar folk til å fiska laksen og levera den attende til selskapet. Han lovar fiskarar 200 kroner i honorar per fisk. I tillegg har Viking Fjord fått løyve til å fiska med garn.

- Me har fanga eit hundretals fisk, men det er for lite, slår Gjerde fast.

Fylkesmannen har gjeve særskilt løyve til å fiska med kilnot i Etnefjorden, for å verna Etneelva og fiskane der. Folk flest får ikkje lov til å fiska med flytegarn. Det generelle forbodet gjeld framleis.

- Det vart sett i gang tiltak raskt etter at fiskane rømte, så me vonar Viking Fjord får fiska opp igjen mykje, konkluderer Kambestad.

LES ÒG: Laksenæring kjenner seg kriminalisert