Hopp til innhold

Rømling sykla Gardermoen-Nordfjordeid

Ein mann frå Troms som er dømd for overgrep stakk av frå soninga. Første etappe på rømmen gjekk med sykkel frå Gardermoen til Nordfjordeid.

Nordfjordeid

NORDFJORDEID: Hit kom den dømde mannen etter å ha sykla frå Gardermoen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det var i april i år mannen i 40-åra skulle overførast til kriminalomsorga i Bergen. Han vart send åleine med fly til Gardermoen og skulle byte fly vidare til Flesland, men stakk i staden av, skriv TV2.no.

Først no er mannen, som er dømd for grove seksuelle overgrep mot si eiga dotter, pågripen. Det skjedde i Nordland. Mannen har forklart til politiet at han gjekk ut av flyplassområdet på Gardermoen og gjekk inn i skogen.

Han mangla både mobiltelefon, pengar og ID, men han var ikkje rådlaus. Han la ein plan for korleis han skulle kome seg til Nordland.

Første delen av planen var å stele ein sykkel. Med den sykla han dei vel 50 mila til Nordfjordeid. Vel framme i Nordfjord stal han ein båt og tok til på den lange turen nordover langs kysten.

Stal båtar på veg nordover

I alt stal han tre båtar. På vegen braut han seg inn i hytter og fritidsbustader, der han forsynte seg med mat, alkohol, kle og pengar. Over eit halvt år var han på rømmen før politiet arresterte han den 2. november.

Bistandsadvokaten til dottera, Cecilie Dreschler, er svært kritisk til at mannen fekk reise åleine.

– Eg synest det er heilt uforståeleg. Det er svært kritikkverdig og eit grovt brot på incestebestemmelsane, seier ho til TV2.

Kriminalomsorgen region nord har gjennomgått og endra rutinane sine etter denne rømminga. Dei vil stramme inn når det gjeld kva fangar som får reise åleine.