Hopp til innhold

Roleg russ - tok NM-gull

Sindre Rørstadbotnen fekk løn for å ha teke det heilt piano under russefeiringa: Laurdag vann han gull i junior-NM.

Sindre Rørstadbotnen

TOK GULL: Sindre Rørstadbotnen har gjort det til ein vane å ta medalje i NM-samanheng. Laurdag vart det gull i junior-NM - etter ei roleg russefeiring så langt.

Foto: Erling Molt Korsnes / NRK

- Det har gått ganske roleg for seg førebels. Eg må ta omsyn til treninga, seier Sindre Rørstadbotnen.

No er nok mamma nøgd...

Naustedølen er svartruss, men han er ikkje heilt som russekollegaene sine.

Fram mot helgas junior-NM i vektløfting har han spissa forma for å kunne kjempe om gullet i klassen sin.

Og det passar eigentleg familien Rørstadbotnen godt...

- Mamma har kvidd seg heile livet på at eg skulle bli russ. Så ho er nok stornøgd no, ler Sindre Rørstadbotnen.

Viktig å få nok søvn

Og Rørstadbotnen fekk løn for innsatsen: Med to nye personlege rekordar tok han NM-gull med 121 kilo i rykk og 159 kilo i støt.

No satsar han på å kvalifisere seg til junior-EM seinare på året. Men først ventar treningsleir i Latvia i slutten av månaden.

- Ein er russ berre ein gong i livet, så eg må ta litt fri no framover. Men eg må i form til treningssamlinga - så det er viktig å få seg nok søvn, seier han.

Beste NM nokon gong

Tambarskjelvar gjennomførte sitt beste junior-NM gjennom tidene i Tønsberg.

Med heile ni gull i kofferten var det stor stemning i bussen på veg heim til Sunnfjord.

- Vi er skikkeleg godt nøgde no. Ni gull - og eg har ikkje tal på kor mange sølv det vart, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Tambarskjelvar fekk beste løftar både for gutar og jenter under meisterskapen ved Vebjørn Varlid og Trude Raad.