Roleg natt for politiet i Bergen

Trass i slagsmål med mange rusa personar kvelden 17. mai, har det vore ei natt utan store utrykkingar frå politiet.
– Me har hatt ein del meldingar om musikkstøy, men det har ikkje ført til handling frå vår side, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.