Hopp til innhold

Roger vil revolusjonere luftfarten

Bilar, båtar og ferjer vert meir miljøvenlege, men luftfarten er enno i startgropa. No vil piloten starte eit miljøvennleg helikopterselskap.

Roger Eide vil starte eit grønt helikopterselskap.

VIL FLY GRØNT: Etter 18 år som pilot startar Roger Eide eit grønt helikopterselskap.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Noko må gjerast innan lufttransporten, og det må gjerast no, seier Roger Eide frå kjøkkenet sitt i Holsen i Sunnfjord kommune.

Herfrå jobbar 44-åringen med store planar: Piloten vil danne sitt eige helikopterselskap med meir miljøvennlege helikopter.

Dette kan bli det første i sitt slag i Noreg.

Det neste halvåret skal Eide jobbe for fullt med planane. Han jobbar med å få statlege midlar til prosjektet. Budsjettet til piloten er på 800.000 kroner.

Etter 18 år som pilot ønskjer han å vere ein del av ei grøn omstilling i luftfarten.

– Eg ser det er eit stort behov for dette, seier han.

Vil vere fremst med grøne helikopter

Helikopter flyr i dag med parafin, såkalla «jet A-1- fuel», som forureinar.

– For å få til det grøne skiftet også i luftfarten, må vi finne andre alternativ, seier Eide.

Dette kan vere helikopter som anten går på det meir berekraftige biofuel, straum, hydrogen, eller ein slags hybrid.

VIL SATSE GRØNT: Frå heimekontoret sitt i Sunnfjord jobbar Roger Eide med store planar: Piloten vil vere i førarsetet for eit miljøvennleg helikopterselskap.

VIL SATSE GRØNT: Frå heimekontoret sitt jobbar Roger Eide med store planar: Piloten vil vere i førarsetet for eit miljøvennleg helikopterselskap.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

– Det ligg eit stykke fram at desse helikoptera kjem i operativ drift, seier Eide. Han fortel at store internasjonale selskap jobbar med denne teknologien.

No vil han kontakte dei store helikopterselskapa i utlandet som jobbar med dette.

Medan piloten jobbar for grønare teknologi i helikopterbransjen, skjer det ein del meir innan fly. Widerøe har uttalt at dei ser for seg at dei allereie i 2025 kan ha dei første elflya på plass. Også Vestland fylkeskommune er engasjert i planane, som er i tråd med målet deira om å bli eit nullutsleppsfylke innan 2030.

Fylkesordførar: – Staten må vere villige

Fylkesordførar Jon Askeland rosar initiativet til Roger Eide.

– Han tek på seg den grøne leiartrøya og finn løysingar som kan redusere klimagassar og skaffe næringsverksemd.

El-ferje Hjellestad

STOR UTVIKLING: Medan reinare luftfart-teknologi enno er i startgropa, er Vestland fylke kome langt med elektriske ferjer. Fylkesordførar Jon Askeland seier målet er å gjere Vestland fylke utsleppsfritt innan 2030.

Foto: Roy Ellingsen / Fanaposten

– Vil staten vere villig til å betale for slike prosjekt?

– Det må dei vere, elles skjer ikkje utviklinga. Eller, det kan vere at den skjer, men ikkje i Sunnfjord, men i eit anna land. I det grøne skiftet er det viktig at gründerar får risikovillig kapital, og det må vere statleg.

Slike statlege støtteordningar gir mellom anna Innovasjon Noreg.

Deira avdelingsleiar Kristine Kopperud Timberlid i Vestland seier dei har eigne øyremerkte ordningar til bedrifter eller gründarar som vil starte med miljøvennlege prosjekt.

Luftfartstilsynet: – Framleis i ein tidleg fase

– Det er veldig nødvendig å eit grønt skifte i lufta.

Det seier Jan Petter Steinland, leiar for innovasjon og utvikling i Luftfartstilsynet.

– Bransjen er enno i ein tidleg fase, men det er ting på gang, seier han. Mellom anna har det første elektriske flyet blitt sertifisert.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Det blir også jobba med biodrivstoff. Dette er eit berekraftig drivstoff som gir mindre utslepp, og som kan hentast ut frå mellom anna skogbruksrestar eller matavfall.

Første offshore-flyging

I haust blei den første offshore-flyginga med ei blanding av biodrivstoff og ordinært drivstoff, testa. Denne testturen stod CHC Helikopter Service for.

Noregs-sjef Per André Rykhus seier dei er opptatt av å bidra til det grøne skiftet.

– Blir det internasjonalt jobba med å utvikle elektriske eller andre miljøvenlege helikopter?

– Det blir testa elektriske helikopter for passasjertransport, men korkje med rekkevidd eller nyttelast som er i nærleiken av å dekke våre behov, seier CHC-sjefen.

Sjølv med ulike alternativ innan reinare helikoptertrafikk er det fleire utfordringar, peikar Luftfartstilsynet på.

– Luftfart er den mest krevjande transportforma å redusere utslepp på, og difor blir det jobba langs fleire spor, seier Steinland. Han legg til:

Det er dyrt å drive innovasjon, men samstundes er gulrota i den andre enden fantastisk bra.

Noreg har mål om å redusere utsleppet av klimagassar med opp mot 55 prosent innan 2030.

– Ei større meining

– Kva tid kan grøne helikopter vere i lufta?

– Det kan fort ta åtte år frå ei maskin er på skisseblokka til den er ferdig testa og godkjent, så det kan noko tid, seier Roger Eide.

– Kor viktig er det for deg personleg å kunne fly reinare som pilot?

Det betyr mykje. Vi har ei kort tid her på jorda, og det er ei større meining bak å vere med på ei grønare omstilling. Noko må gjerast, og det må gjerast no og framover i tid.

Pilot Roger Eide saman med Sir David Attenborough under innspelinga av Frozen Planet på Svalbard. For Eide er det viktig å vite at han kan fly på ein meir miljøvennleg måte, noko som viser att i planane hans.

VIKTIG: Roger Eide møtte Sir David Attenborough under innspelinga av Frozen Planet på Svalbard.

Foto: Privat