Hopp til innhold

Roger rapporterte om koronadøden – så blei han sjølv smitta

Han har sett døden i kvitauget på overfylte sjukehus og modig gått inn i smitten sitt episenter i Europa. Så blei han sjølv koronasjuk på eit hotell i Italia.

Roger Sevrin Bruland er ikledd smittevernutstyr inne på San Gerardo-sykehuset i Monza utenfor Milano

TETT PÅ: Roger Sevrin Bruland ikledd smittevernutstyr inne på San Gerardo-sjukehuset i Monza utanfor Milano.

Foto: Nicola Zini / NRK

I over eitt år har Roger Sevrin Bruland stått fram som NRK si sterke reporterstemme på den europeiske slagmarka mot viruset.

Men for nokre veker sidan blei Roger Sevrin Bruland sjølv sjuk med covid-19.

– Det var på den siste reportasjereisa til Italia. Då eg kom tilbake til Berlin, så testa eg positivt og måtte i isolasjon. Det var ikkje noko kjekt, seier Bruland.

Døden på nært hald

Kledd i tette smittevernklede blei han tatt med på innsida der kampen stod mellom liv og død.

Blant anna på intensivavdelinga i byen Monza tidleg i april 2020. Bruland skildra det slik i denne reportasjen:

«Så ropar ein sjukepleiar at ein mann er død. Eg har vore på avdelinga i ni minutt. Ein prest var på veg for å gje den siste olje, men han kom for seint. Respiratoren blir skrudd av og presten gjer sitt. Ei seng er ledig til ein av dei mange som treng den. Eg føler at eg står i vegen og ber om å få kome ut. Eg har sett nok»

– Ein ting er reportasjane inne frå overfylte italienske sjukehus som alle har sett. Men det er mykje anna som gjer stort inntrykk, fortel korrespondenten no i april 2021.

Det siste året har han køyrd strekninga Cape Town til Vladivostok – i Sentral-Europa. Han har krangla seg over grenser og sjølv klart å halde smitten på avstand.

Heilt til no.

Bruland fortalde først historia si til lokalavisa Fjordingen i Stryn. No har han også delt det på Facebook.

«Etter eit år med strengt smittevern, masker, hanskar, sprit og visir, så gjekk det skeis.», skriv han der.

Intervju med lege på sjukehuset i Codogno. Roger Sevrin Bruland.

STERKE INNTRYKK: Roger Sevrin Bruland i intervju med ein lege på sjukehuset i Codogno i Lombardia.

Foto: NRK

– Maks uflaks

For etter å ha reist Europa rundt for å rapportere og fortelje om den grufulle pandemien, blei han sjølv råka.

Ein situasjon han var førebudd på.

– Eg er litt overraska over at det ikkje skjedde før. Då eg dekka brannen i Moria-leiren, så var eg ganske sikker på at her var det stor sjanse for å bli smitta, men eg slapp unna då.

– Kva skjedde denne gongen?

– Eg vil vel seie at det som skjedde no var maks uflaks. Eg kan ikkje gå inn på detaljar.

Mest truleg blei han smitta på eit italiensk hotell. Fasiten får han neppe vite. Også sambuaren til Roger Sevrin Bruland blei smitta.

– Når du får det, så er det som å få ein knyttneve i magen. Dette er absolutt ikkje nokon influensa og det er ikkje noko kjære mor. Sjølv om det eg hadde var milde symptom, så var det enkelte dagar der eg følte at eg heldt på å stryke med.

NRKs korrespondent Roger Sevrin Bruland foran utbrente ruiner i Moria-leiren på Lesvos

FRYKTA SMITTE: NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland framfor utbrende ruinar i Moria-leiren på Lesvos

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Ikkje noko alternativ

Etter ei tid i isolasjon i Tyskland og ein snartur heimom til Utvik i Nordfjord, er Roger Sevrin Bruland no tilbake på heimekontoret i Berlin.

Ein metropol som vanlegvis er prega av folkeliv og turistar. No er det portforbod.

– Då eg kom tilbake for nokre dagar sidan, så var det nesten ingen på gata. Det er utruleg rart å sjå eit tomt Berlin klokka ti om kvelden. Dette vil vi vonleg aldri meir få oppleve.

– Du har ikkje vore freista til å forlate kontinentet og heller nyte utsikta heime over Nordfjorden når det har stått på som verst?

– Vi har ikkje noko alternativ når noko slikt skjer. Det er min jobb som korrespondent å dekke dette så godt eg kan. Kva skal ein med korrespondentar dersom ein ikkje dekker dei aller, aller største krisene vi opplever.

Roger Sevrin Bruland på heimekontoret i Berlin.

HEIMEKONTOR: Roger Sevrin Bruland er no tilbake på kontoret i Berlin. Som korrespondent dekker han vanlegvis dei tysktalande land og Aust-Europa.

Foto: NRK