Frå besøksven til telefonven: – Alle treng nokon som bryr seg

FØRDE (NRK): Tusenvis av besøksvener får ikkje lenger gå på besøk til brukarane sine. No må dei finne alternative løysingar for å motverke einsemd landet over.

Besøksven i Røde Kors, Oddny Njøsen

STILLER OPP: Oddny Njøsen held fram med vervet som besøksven, sjølv om ho ikkje lenger kan møte opp i person.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Denne artikkelen er over to dager gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Eg sit mykje i telefonen, seier besøksven Oddny Njøsen.

Njøsen har i fleire år reist rundt på heimebesøk til personar som av ulike grunnar ønskjer meir kontakt med andre menneske.

Men no oppfordrar helsemyndigheitene til å minske fysisk sosial kontakt for å hindre at koronaviruset spreier seg, og sjukeheimar over heile landet har innført besøksrestriksjonar.

Samstundes er det nettopp her at mange av brukarane av besøkstenesta held til. Dei blir sitjande mykje åleine.

– No kan ein ikkje gå på besøk fysisk, og det er klart at det er eit problem for mange, seier Norvall Nøringset, lokalforeiningsleiar i Førde Røde Kors.

Dette får følgje for dei frivillige i Røde Kors sin største omsorgsaktivitet. Kvart år når nær 10.000 frivillige besøksvener over 20.000 einsame og sosialt isolerte menneske.

No må besøksvenene finne andre måtar å halde brukarane med selskap på.

– Mange av dei me går på besøk til, er eldre menneske. Sosiale medium er ikkje den teknikken dei beherskar mest. Telefonen blir då det hjelpemiddelet som fungerer best for dei, seier Nøringset.

Stort behov

For sjølv om det er travle dagar også for Røde Kors, er Nøringset klar på at besøkstenesta er eit viktig tilbod.

Norvall Nøringset

TA KONTAKT: Norvall Nøringset i Førde Røde Kors oppfordrar alle til å ta kontakt med dei ein veit sit mykje åleine.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

– Alle menneske treng nokon å snakke med innimellom. Alle treng nokon som bryr seg. Og der er besøkstenesta veldig viktig.

Han oppfordrar alle til å vere ekstra medviten på dei som no vert sitjande åleine, anten fordi dei er i karantene, i isolasjon eller som av andre grunnar treng nokon å prate med.

Spesielt i desse tider er ein enno meir isolert og kanskje enno meir einsam. Det er mykje viktigare no enn tidlegare at ein bryr seg med å ta ein telefon.

Telefonen gjer nytten

– Telefonen er god å ha. Einslege synest det er veldig kjekt å få ein telefon og prate ei stund, seier Oddny.

Oddny er no blitt telefonven, men ser fram til å bli besøksven igjen så snart koronakrisa er over.

– I mellomtida prøver eg å halde kontakten med dei som treng å halde kontakt med einkvan. Det gjer godt for oss alle.