Hopp til innhold

Mohammad (71) er eitt av tusenvis av torturoffer i Noreg

BERGEN (NRK): I elleve år blei Mohammad Khoshzough systematisk torturert. No refsar Røde Kors mangelen på system i rehabiliteringa av torturoffer.

Mohammad Khoshzough

TORTUROFFER: Mohammad Khoshzough blei torturert i heimlandet Iran. Fleire tusen andre nordmenn har opplevd tortur før dei kom til Noreg.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

71 år gamle Mohammad Khoshzough har budd i Noreg i 22 år. Han kom som flyktning frå Iran via Tyrkia. I heimlandet sat han fengsla for å ha bygt opp ei fagforeining blant hamnearbeidarane ved Kaspihavet.

I elleve år blei han utsett for forskjellige typar tortur. Han fortel mellom anna at han blei heist opp i taket etter armen med eit tau.

Khoshzough er ein del av ei gruppe menneske både forskarar og norske styresmakter veit lite om:

Folk som er blitt utsette for tortur før dei kom til landet, og som i mange tilfelle ikkje får hjelp.

– Det er ein ekstra belastning. Nokre blir deprimerte og sit berre heime. Det er ikkje eit godt liv, seier Mohammad.

Mohammad Khoshzough

I IRAN: Mohammad Khoshzough og niesa etter han blei lauslaten frå fengsel i 1994.

Foto: Privat

– For dårleg

Torsdag legg Røde Kors fram ein rapport om rehabiliteringa av torturoffer i Noreg. Organisasjonen meiner dei har avdekt store manglar i tilbodet norske styresmakter gir til menneske som er offer for tortur.

– Tilbodet er for dårleg og for fragmentert. Her er det behov for ei skikkeleg opprusting av tilbodet, seier Bernt Apeland, generalsekretær i Røde Kors.

I tillegg til eit dårleg tilbod, meiner organisasjonen at ein heller ikkje greier å fange opp offer. Det fører til at talet på torturoffer er sprikande. Forskarar reknar med at mellom 10.000 og 35.000 personar i Noreg har vore utsette for tortur før dei kom til landet.

Skam, tabu, skuldkjensle gjer at folk ikkje sjølv vel å fortelje om opplevingane sine, ifølgje Røde Kors.

Bernt Apeland

KRITISK: Bernt Apeland, generalsekretær i Røde Kors, seier at norske styresmakter må ruste opp tilbodet til torturoffer i Noreg.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Tre tilrådingar

Rapporten meiner at dei som skal hjelpe kan for lite om tortur og konsekvensane det gir.

Medan det i Danmark og Sverige finst eigne senter som jobbar med tortur, skal det vanlege helsetilbodet handtere torturoffer i Noreg.

– Rapporten er nedslåande. Vi veit alt for lite om menneske som har overlevd tortur, og som lever i Noreg i dag. Dette er menneske som er i sårbare livssituasjonar og ikkje vil dele sine erfaringar. seier Apeland.

Dei har no tre tilrådingar til styresmaktene:

  • regjeringa bør lage ein nasjonal handlingsplan for torturoffer
  • kunnskapshola må tettast ved å sette tortur inn i læreplanar på utdanningar innanfor helse- og sosialfag
  • styresmaktene må lage eit eller fleire institusjonaliserte fagmiljø, som det er i Danmark og Sverige

Avhengig av enkeltpersonar

Eitt av funna i rapporten er at god hjelp er avhengig av enkeltpersonar – både blant offera og spesialistar.

Mohammad Khoshzough kontakta sjølv Sentralbadet i Bergen for å trene seg opp igjen etter at han kom til Noreg. Med eitt kilo tunge manualar trente han i kjellaren i lang tid. Etter kvart kunne han ta tyngre manualar. Han fekk delar av muskulaturen tilbake, muskulaturen som bokstaveleg talt blei rive frå han.

Omsider kunne han begynne å bevege seg i vatnet.

Khoshzough vil ikkje klage på oppfølginga han sjølv har fått, men seier at han kan vere eit unntak.

– Om eg ikkje hadde teke kontakt, trur eg ikkje dei ville lagt ein plan for meg. Men systemet burde vite kva ein skal gjere.

I rapporten frå Røde Kors blir rehabiliteringstilbodet til torturoffer skildra som fragmentert og personavhengig.

Generalsekretær Apeland seier at ein ikkje kan forvente at alle torturoffer tar grep på eiga hand, slik Khoshzough gjorde.

– Det er fantastisk å høyre. Dette viser kva ressursar som bur i menneske. Samstundes er det ikkje alle som har den same styrken som Mohammad. Mange brukar lang tid på å kunne dele at dei faktisk har vore utsette for tortur. Dei slit med å ta tak i dei langvarige psykiske og fysiske konsekvensane torturen har fått, seier Apeland.