Se bildene: Oljesølet etter «Rocknes»
– Det ville vore veldig dårleg reklame for oss dersom me hadde levert frå oss hundar som var tilgrisa med olje på labbar og i pelsen, seier Kristian Vaardal-Lunde til BT.
Krev 300.000
Det er kona hans, Elin Vaardal-Lunde, som driv kennel på Kongshavnsholmen ved Alvøen. No krev familien i underkant av 300.000 kroner frå Rocknes-eigaren.
Lasteskipet Rocknes havarerte 19. januar 2004, og førte til at delar av øya blei sterkt tilgrisa av olja.
Dottera krev erstatning
Også dottera Marie har gått til sak mot skipseigaren Reederei Hans-Jürgen Hartman M/S «Kvitnes» grunna skadene på eigedomen hennar.
– Det er den 100 meter lange strandlinja som gjer eigedomen festleg å bruka, men det er ikkje så festleg å setja seg ned i sjøkanten og få olje på kleda, seier Vaardal-Lunde til BT.
Må betala 90 millionar
Rederiet som eigde Rocknes, er ansvarleg for oljesølet etter ulukka i Vatlestraumen. Det bestemte Bergen Tingrett i går.
Redereiet må betala 90 millionar kroner i erstatning til blant anna dei som har fått strendene sine tilgrisa.