Hopp til innhold

Robothund kan bli vaktmeisterens beste venn

Robothunden «Lassie» kan førebels flest partytriks, men i framtida skal han overvake store bygg på eiga hand.

FRAMTIDAS VAKTMEISTER: Robothunden kan i framtida bli eit viktig verktøy for overvaking av store bygg.

– Han har lært seg dei siste TikTok-«movesa» med risting på rumpa og «twerking», ler Tommy Hagenes i selskapet Proptech Bergen.

Vesenet han snakkar om heiter rett nok «Lassie» og tassar etter Hagenes på fire bein, men elles er det lite som minner om menneskets lodne bestevenn.

Robothunden kosta 150.000 kroner og er den første i sitt slag i Norden.

Planen til Proptech er å setje «Lassie» i stand til å overvake store bygg.

Saka var først omtala i BA.

Tommy Hagenes i selskapet Proptech Bergen

VIL UTVIKLE ROBOTEN: Tommy Hagenes i selskapet Proptech Bergen håpar på hjelp både frå teknologi-nerdar og frå vaktmeistrar når robothunden skal utviklast vidare.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Første i sitt slag

Robothunden er førebels mest eit leiketøy, men teknologien skal utviklast vidare.

– Det viktigaste er å lære. Viss vi ikkje finn ut kva teknologi som er der ute og testar det, veit vi ikkje om det er bra eller dårleg, seier Hagenes.

Selskapet jobbar med teknologi opp mot eigedom og næringsbygg. Driftarane av bygga og vaktmeistrane har i dag mange rutineoppdrag med mykje risiko, som å sjekke tak og takrenner.

– Her er denne perfekt.

Går alt etter planen, skal «Lassie» kunne 3D-skanne bygg. Ved å gå rundar i bygg nattetid skal roboten kunne oppdage vasslekkasjar, dører som står opne og anna som ikkje er som det skal.

– Målet er at om brannalarmen går av skal han kunne lese av tablået og sende ein SMS til drifta og brannvesenet om feilen.

«Hjernen» kan bli eit hinder

Tønnes Frostad Nygaard jobbar som førstelektor på Universitetet i Oslo og har skrive doktorgrad om firbeinte robotar.

Han synest prosjektet til Proptech er «veldig kult», samtidig som han vedgår at «hjernekapasiteten» til robotane kan bli eit hinder.

Med andre ord: Det er ikkje sikkert «Lassie» ville oppdaga ein vasslekkasje om han så stod i han.

– Det er veldig vanskeleg for robotane å automatisk analysere det dei ser, seier Nygaard.

I framtida er det likevel berre fantasien som set grenser for kva dei nye firbeinte venene kan få til, fortel han.

Det er særskild tre typar arbeid han trekker fram – på engelsk kalla «The Three D's»: Dull, Dirty og Dangerous.

Keisame, møkkete og farlege jobbar har likevel robotar teke seg av i ei årrekkje.

Framover er det dei kompliserte og vanskelege oppgåvene robotane kan vente seg meir av.

– Om det er i operasjonssalar eller djupt under havoverflata i Nordsjøen bidreg robotar meir og meir til å løyse oppgåver som er utfordrande for menneske å løyse sjølv.

Må investere i tryggleik

At «Lassie» og liknande robotar kan bli aktuelle hackarobjekt er noko både Protech og andre bransjar må ta med i betraktninga, seier Hagenes.

Nygaard seier bruken av denne type robotar førebels ikkje er så utstrekt at dei blir ettertrakta hackarmål.

Men etter kvart som talet auka vil man nok måtte investere meir tid og pengar i tryggleiken rundt desse på same måte som dei andre IT-systema ein har.

Robothunden «Lassie»

ALLERGIVENNLEG HUND: «Lassie» tassar rundt på fire bein og kan kome til å bli vaktmeisterens beste venn i framtida.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK