I dag blei det kjend at Monika Sviglinskaja sin 33 år gamle eks-stefar er tiltalt for drap på 8-åringen.
- Les meir:
Hadde det ikkje vore for innsatsen til etterforskaren Robin Schaefer, er det ikkje sikkert den nye etterforskinga som leidde til tiltalen hadde blitt starta opp.
No vurderer Schaefer å anke til Riksadvokaten.
– Det er ikkje utelukka, av omsyn til usikkerheita som no er skapt kring varslarvernet i Noreg. Han gjer seg tankar om at terskelen for å varsle blir ytterlegare heva som følgje av slike vedtak som Spesialeininga no har gjort, seier advokaten hans, Toril Wik.
- Bakgrunn:
– Feil fokus i varslingssaker
Wik presiserer at det ikkje er Schaefer som har meld saka til Spesialeininga.
– Schaefer fryktar vedtaket i hans sak vil føre til at andre arbeidstakar kvir seg for å varsle om forhold ved arbeidsplassen, seier Wik, som representerer fleire av varslarane i Hordalands-politiet i kjølvatnet av Monika-saka.
Birthe Eriksen, universitetslektor ved NHH, fekk nyleg doktorgrad med varsling som tema.
Ho meiner oppstykkinga av dei ulike varslar-sakene i Monika-saka er uheldig, og at det har vore for mange instansar involvert.
– Fokuset skulle ha vore på kva som svikta. I staden får vi eit heilt anna fokus enn lovgjevar meinte vi skulle ha i varslingssaker, seier Eriksen.
Vil ha havarikommisjon
Eriksen meiner det burde vore oppretta ein offentleg «havarikommisjon» for å gå gjennom heile sakskomplekset.
– Ein kommisjon hadde blitt underlagt strengare krav til å ivareta rettstryggleik, og det hadde blitt meir openheit, som til dømes i Gjørv-kommisjonen, meiner NHH-lektoren.
Ho trur etterspelet etter Monika-saka kan føre til at arbeidstakarar vegrar seg for å varsla framover.
– Slik denne saka har vekse fram, kan folk bli redde for å seie ifrå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Behandlinga av varslarsakene i Hordaland politidistrikt sender ingen tryggande signal til framtidige varslarar, meiner Eriksen.
– Straff ikkje viktig i varslarvernet
Jan Fougner, som leia advokatfirmaet Wiersholms undersøking av Schaefer-saka på oppdrag frå Justisdepartementet, meiner Spesialeininga si konklusjon i Schaefer-saka er eit dårleg døme på at varslarvernet må betrast.
– Det er eit viktig spørsmål om dagens reglar om vern av varslarar er godt nok. Men at Spesialeininga kom til at brota på arbeidsmiljølova ikkje var straffbare, var venta og heilt naturleg. Det har ingen betydning for spørsmålet om varslarvernet er godt nok. Det har aldri vore meininga at straff skulle vere eit viktig element i varslarvernet, seier han.
Verken Riksadvokaten eller Spesialeininga ønskjer å kommentera saka.
- Les også: