Hopp til innhold

Her lurte Natalia (32) trafikkdøden

Risikoen for å døy i trafikken er større i delar av landet, viser rapport. – Urettferdig, meiner Natalia Kolås, som sjølv lurte døden på vestlandsvegane.

Natalia Kolås tilbake der ho kolliderte i januar i fjor.

TILBAKE: Akkurat her på fylkesveg 609 ved Holmedal i Vestland kolliderte Natalia Kolås (32) med ein lastebil i januar i fjor.

Foto: STEINAR LOTE / NRK

Ved Rivedal i Askvoll kjempar 32 år gamle Natalia Kolås med tårene. For første gang sidan trafikkulukka er småbarnsmora tilbake på ulukkesstaden.

Fylkesveg 609 er glatt og køyreforholda skumle. Slik dei også var i januar i fjor, då Kolås frontkolliderte med ein lastebil.

Bilen til Natalia Kolås etter samanstøyten ved Rivedal i 2022.

TOTALVRAK: Slik såg bilen til Natalia Kålås ut etter at ho krasja med ein lastebil i januar i fjor. Ho sat fastklemt og måtte skjerast laus.

Foto: Ketil Dalsøren

Ho knekte begge armane og fekk hofta ut av ledd. Berre flaks gjorde at ho ikkje omkom. Sonen Raphael (6) sat i baksetet.

– Heldigvis vart han ikkje skadd. Det var det viktigaste, seier ho.

Etter tre operasjonar er Natalia på veg tilbake mot eit normalt liv. Ho er i full jobb, men slit med etterverknader.

– Eg tørr ikkje køyre når det er glatt, seier ho.

Risikoen for å døy eller bli alvorleg skadd i trafikken, er større i Finnmark, Nordland, Vestland og Innlandet enn i andre delar av landet.

Dårlegast for fylkesvegar

Tala kjem fram i den siste statusrapporten for korleis Noreg ligg an i forhold til ambisjonen om maksimalt 350 drepne og hardt skadde i trafikken i 2030.

Det er Statens vegvesen som står bak rapporten.

Rapporten Trafikksikkerhetsutviklingen for 2021 viser at det er ulikskapar frå fylke til fylke om kor utsett ein er for å bli drepen eller hardt skadd i trafikkulukker.

TABELL: Risikoen for å bli drepen eller hardt skadd per mrd. køyretøykilometer fordelt på fylke og vegkategori (basert på statistikk for åra 2018-2021).

Grafikk: Skjermdump / Statens vegvesen

Dei siste åra har det vore vel 600 drepne og hardt skadde i trafikken i Noreg. Berre i fjor mista 118 personar livet på norske vegar.

Talet for hardt skadde er førebels ikkje klart.

Til no i år har 18 personar mista livet på norske vegar.

I rapporten kjem det også fram at det er dobbelt så stor sjanse for bli hardt skadd eller drepen på ein fylkesveg samanlikna med ein riksveg.

Meiner variasjonane har ei forklaring

Det kjem ingen signal frå samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) om at dårlege og trafikkfarlege vegar i distrikta skal prioriterast høgare.

I ein e-post til NRK svarer han ikkje på spørsmålet om enkelte fylke får for mykje av dei totale vegmidlane, eller om fylke som Nordland, Finnmark og Vestland bør få meir.

– Risikoen for ulykker vekslar mellom vegtype, fartsgrenser og type trafikk. Desse forholda vekslar naturleg nok mykje rundt om i landet, skriv han.

Ministeren peikar vidare på «lågt fartsnivå i Oslo, og at mykje av trafikken går på motorveg i Viken» som dei viktigaste grunnane til at ulykkesrisikoen i Oslo og Viken er låg.

Til sist understrekar ministeren at «fylkesvegar er eit fylkeskommunalt ansvar. Det inneber ansvar for finansiering, planlegging, utbygging og drift av fylkesvegane».

– Merkar at du blir nedprioritert

Småbarnsmor Natalia Kolås er oppgitt og provosert over at kvar du kjem frå i landet kan vere forskjellen på liv og død i trafikken.

– Du merkar at du blir nedprioritert og at du ikkje er verdt like mykje, seier ho.

Natalia Kolås vart aløvorleg skadd i bilulukka i januar i fjor.

POSITIV: Trass i alvorlege skader, fleire operasjonar og mykje smerte, bestemte Natalia Kolås seg tidleg for å fokusere på det positive etter ulukka.

Foto: Privat

Staden der Natalia krasja er vegstandarden paradoksalt nok ikkje så ille, men det er den mange andre stader i området og i landet elles.

– Delar av strekninga til Førde er det ikkje mogeleg for to bilar å passere. I tillegg er det mange svingar og veldig uoversiktleg, seier ho.

Bustadadressa kan vere skilnaden på liv og død på vegane. Natalia Kolås kom heldig frå den alvorlege trafikkulukka i fjor

PÅKJENNING: Det var kjenslemessig tøft for Natalia Kolås då ho nyleg var tilbake på ulukkesstaden der ho vart alvorleg skadd.

– Byggjer ikkje veg berre for å få ned ulukker

Stortingsrepresentant og osloborgar Christian Tybring-Gjedde (Frp) meiner det ikkje er grunn til å vere skuffa.

Christian Tybring-Gjedde

Christian Tybring-Gjedde (Frp) meiner folkemengd og køar inn og ut av hovudstaden gjer at det er fornuftig å bruke meir pengar på veg i Oslo og Viken.

Foto: Ole Berg-Rusten

– Det er ikkje slik at ein byggjer veg berre for å få ned talet på trafikkulukker. Ein bygger veg for å skape eit effektivt vegsystem.

– Er det ikkje tankevekkjande at det er langt farlegare å køyre i enkelte distriktsfylke enn Oslo og Viken?

– Nei, eg meiner faktisk ikkje det. Det blir allereie brukt mykje pengar på vegar og på å betre trafikktryggleiken i distrikta, seier han.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), er på kollisjonskurs med Tybring-Gjedde.

– Vegnettet i Vestland og andre distriktsfylke er altfor dårleg og går på tryggleiken laus. Vi kan ikkje ha det slik at det er mykje farlegare å ferdast langs vegane i enkelte fylke enn i andre, seier han.

– Behov for meir midlar

Kari Vassbotn er regionleiar i Trygg Trafikk i Nordland, det farlegaste trafikkfylket i heile landet, ifølgje rapporten.

– Mykje av vegnettet i Nordland er bygd i ei anna tid og er ikkje tilpassa dagens trafikksituasjon.

Portrett av Kari Vassbotn. Dame med brunt hår og regnjakke.

VERST I LANDET: Kari Vassbotn som er regionleiar i Trygg Trafikk i Nordland, er fortvilt over at fylket hennar er det farlegaste trafikkfylket i heile landet.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Ho peikar på at vegane er smale og svingete, og at ein ofte kan hamne i havet, steinura eller i fjellveggen dersom ein køyrer utfor.

– Det er stort behov for meir midlar til utbetring og vedlikehald, seier ho.