Hopp til innhold

Risikerer stenging

Fire fiskehandlarar på Torget i Bergen kan få pålegg om stenging snart.

Fisketorget overvinklet
Foto: NRK

Pålegget kan kome allereie om få dagar.

Årsaka er at dei ikkje har innfridd krav frå Mattilsynet.

Dei fire sel framleis baguettar som ikkje held mål, og betaler bøter på 500 kroner dagen.

Følgjast tett

Distriktssjef Paal Fennell i Mattilsynet seier dei no vurderer strengare tiltak.

- Vi må jo vurdere eskalerende verkemiddelbruk ut frå dei dagmulktene som løpet på fire fiskehandlarar no, og då kan det vere snakk om å varsle stenging eller ei verkemdkarantene, viss dei ikkje kjem i orden med desse rutinane.

Fennel fortel til NRK at dei vil følgje Fisketorget tett i tida som kjem.