Hopp til innhold

Risikerer at 600 går ut i streik

Dersom Fellesforbundet og Norsk industri ikkje blir samde, vil det bety streik for 24 industribedrifter her i fylket.

Skipsverftet Blaalid AS på Raudeberg i Vågsøy.

STREIKEFARE: Blaalid AS på Raudeberg er mellom 24 bedrifter i Sogn og Fjordane som kan bli råka av streik i helga.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Over seks hundre industritilsette i Sogn og Fjordane kan gå ut i streik frå søndag morgon.

Fellesforbundet kravde tysdag meklinga for frontfaga avslutta. Det betyr at meklinga må vere avslutta innan natt til søndag.

Meklingsbrotet medfører at nærmare 35.000 medlemmer i meir enn 800 bedrifter står i fare for å komme i konflikt frå søndag morgon.

Dersom Fellesforbundet og Norsk industri ikkje blir samde, vil det bety streik for 24 industribedrifter i Sogn og Fjordane. Blant anna gjeld det 96 tilsette ved STX Norway i Florø og 76 tilsette ved Havyard Leirvik AS.