Hopp til innhold

Endeleg kan han springe igjen - men i verste fall går innandørssesongen fløyten

Øyvind Strømmen Kjerpeset har ikkje fått trent på den skadeutsette foten på fem veker.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

TOK GULL: Øyvind Strømmen Kjerpeset i målomådet etter gullet på 400-meter hekk i sommar. Florø-sprinteren var ikkje nøgd med eigen prestasjon, og kutta resten av sesongen. No er også innandørssesongen i fare.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg er innstilt på å måtte vente til utandørssesongen med å få konkurrert igjen, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

I slutten av august avslutta 22-åringen ein skuffande 2014-sesong med å ta eit suverent NM-gull på Jessheim.

Løpet var tidsmessig så svakt at Kjerpeset bestemte seg for å kutte resten av sesongen for å bli kvitt skaden som har plaga han gjennom store delar av 2014.

Sidan då har han ikkje sprunge eitt steg på foten...

– Eg har berre hatt fri og løfta vekter - og ikkje belasta foten i det heile teke. Eg håpar eg har teke eit langt steg mot å bli heilt frisk, seier han.

Kan bli aktuelt å droppe alt inne

No er Kjerpeset igjen optimist. For frå å ha ein fot han knapt kunne trakke på, har han ikkje lenger smerter i dagleglivet. Og: Måndag skal han igjen prøve å springe på foten - for første gong på fem veker.

– Eg håpar foten bli med på laget framover. Men om eg får smerter igjen, må eg berre ta meg meir tid, seier sprinteren.

– No siktar eg alt inn mot utandørssesongen. Innandørssesongen blir berre ein eventuell bonus for meg. Eg kan ikkje prioritere innandørs før eg er heilt skadefri.

– Om du ikkje er skadefri - så kuttar du ut innandørssesongen heilt?

- Ja.

I så tilfelle vil Florø-utøvaren gå glipp av NM i Steinkjer, ein viktig landskamp og eit eventuelt innandørs-EM på 400-meter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjerpeset

I AKSJON: Øyvind Strømmen Kjerpeset på veg mot mål på spesialøvinga 400-meter hekk.

Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

Alt handlar om å få foten frisk

Kjerpeset håpar framleis han skal få med seg det som skjer innandørs i vinter. Då treng han ein god treningsperiode fram mot slutten av januar, då det er Florø Indoor i heimbyen.

– Det står igjen å sjå kor lang tid det tek før eg er heilt frisk i foten. Er eg klar tidleg i november, trur eg at eg skal løpe fort - elles blir det vanskeleg, seier han.

Kjerpeset er den største friidrettsprofilen frå Sogn og Fjordane, og blant dei mest lovande utøvarane i landet. Han står allereie med fire strake NM-gull på 400 meter hekk - og krona i fjor året med å ta kongepokalen.

I sommar vart det stang ut både under Bislett Games og EM. Men kjem han tilbake i fjorårsform, kan han ha VM i Beijing neste sommar innan rekkevidde.

– No er fokus på å få ein eitt hundre prosent frisk fot. Utan det klarer eg ikkje gjere noko som helst, seier Kjerpeset.