Hopp til innhold

Riksveg 55 er no open

Vegen er no opna for fri ferdsle, etter at fleire store steinblokker i går rasa ut i vegbana på riksveg 55, like ved Sogndal sentrum.

Steinras Stedjebergtunnelen Sogndal

SPERRAR VEGEN: Raset har gått like vest for Sogndal sentrum.

Foto: Torben Stedje / NRK

Politiet opplyser at ingen, verken bilar eller folk, blei treft av raset. Riksvegstrekninga mellom Leikanger og Sogndal er normalt ein av dei mest trafikkerte vegstrekningane i Sogn og Fjordane.

Eit tre velta og tok med seg steinblokker frå ei ur nedover fjellsida. Geologen opplyser at det er meir lausmassar i fjellsida, fortalde NRK sin fotograf på staden, Torben Stedje.

Det lågg eit tre og fleire større steinblokker i vegbana, like ved inngangen til Stedjebergtunnelen. Den eine steinblokka var éin og ein halv meter høg.

Rasbana utanfor Sogndal

HER KOM RASET: Steinblokkene fann veg ned fjellsida og rasa ut i vegbana like ved tunnelen.

Foto: Torben Stedje / NRK

– Eg får beskjed om at dei no vil sjå om det går an å køyre via gamlevegen på utsida av tunnelen, men det er høgst usikkert, fortel fotograf Torben Stedje.

Statens vegvesen opplyser til NRK at det er førebels uvisst når vegen kan opne igjen. Politiet har ikkje fått melding om skadar verken på bilar eller folk som ein følgje av raset.

– Det har danna seg køar på Sogndal-sida av tunnelen, mange veljer å snu, opplyser Stedje.

Rasstaden ved Stedjebergtunnelen

VURDERER RASSTADEN: Folk frå entreprenør og Statens vegvesen på rasstaden ved Stedjebergtunnelen.

Foto: Torben Stedje / NRK