Hopp til innhold

Riksveg 5 stengd i fleire timar – ope no

Riksveg 5 i Fjærland mellom Sogndal og Skei har vore stengd i fleire timar utover ettermiddagen. Eit vogntog har stått på tvers av vegen og det har ikkje vore mogleg å passera. Vogntoget har no vorte flytta på, så det berre blokkerar eit felt. Trafikken nordfrå mot Sogndal får passera først. Politiet dirigerar trafikken på staden.

Vogntog på tvers i Fjærland
Foto: Kjell Arvid Stølen