Hopp til innhold

Ein tredjedel av drikkevatnet lek framleis ut: – Kritikkverdig meiner Riksrevisjonen

Ein tredjedel av drikkevatnet i Noreg når framleis ikkje fram til kranane. Trass i eit milliard-etterslep, er det mange kommunar som ikkje vil auka vassgebyret.

Magnar Sekse, direktør i Bergen Vann

FORNYING: På Mindemyren i Bergen vart desse røyra fornya i haust. Magnar Sekse er direktør for Bergen vann.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

I 2014 lak kring 30 prosent av det reinsa drikkevatnet ut før det nådde kranane i norske heimar.

Det skulle reduserast til under 25 prosent i 2020. Dette målet vart ikkje nådd.

– Tvert imot forsvinn framleis ein tredel av drikkevatnet vårt ut i grunnen, seier riksrevisor Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen.

Riksrevisjonen har gått gjennom arbeidet som Helse- og omsorgsdepartementet og Mattilsynet har gjort sidan 2014.

Dei konkluderer med at situasjonen er kritikkverdig.

Delar av problemet er eit stort etterslep på vedlikehald.

Hovedvannledning Mandal

I 2015 sprakk denne vassleidninga frå 1867 i Mandal sentrum. Like mykje drikkevatn lek ut av norske røyr i dag, som den gong, ifølgje Riksrevisjonen.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Forureining kan leka inn

Når vatn lek ut av ei vassleidning, kan forureining leka inn i leidningane dersom trykket vert for låg.

– Det aukar risikoen for at folk kan verta sjuke, seier Schjøtt-Pedersen.

– Knapt noko område har sett det så tydeleg som Vestlandet. Me hugsar alle hendinga på Askøy i 2019 som gjorde at drygt 2000 menneske vart sjuke og 75 personar vart lagt inn på sjukehus, etter å ha fått i seg bakteriar i drikkevatnet, seier riksrevisoren.

Sintef konkluderte med at kommuneleiinga hadde hatt manglande fokus på drikkevassforsyning. Askøy kommune fekk ei millionbot.

Mistenkte høydebassenget på Øvre Kleppe Askøy

Dette høgdebassenget på Øvre Kleppe leverte i 2019 vatn med campylobacter-bakteriar som gjorde folk sjuke. Truleg var det dyreavføring som hadde kome inn i bassenget som var årsaka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Prislapp på 167 milliardar

Riksrevisjonen meiner utskiftinga av gamle røyr går for tregt.

Det nasjonale målet som vart sett i 2014, var at 2 prosent av røyra til kommunale vassverk skulle skiftast ut fram mot 2035. Mellom 2015 og 2021 låg prosentandelen på 0,7 prosent.

– Jo lengre tid som går utan fornying, jo større blir risikoen for hendingar som kan gå utover innbyggjarane. Her må det takast grep, seier riksrevisoren.

Ifølgje interesseorganisasjonen Norsk vann vil det kosta 167 milliardar å ta etterslepet slik at det oppfyller måla.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Riksrevisor Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen.

Foto: Ksenia Novikova

Kring 4,5 millionar nordmenn får vatnet sitt frå kommunale vassverk, som oftast finansiert som vass- og avløpsgebyr etter sjølvkostprinsippet.

– Mange kommunedirektørar seier til oss at finansiering er ein av dei viktigaste hindringane. Det kan sitja langt inne for mange kommunar å auka vassgebyret, til trass for det store behovet for fornying, seier Schjøtt-Pedersen.

«Det kommer til å bli utfordrende å få kommunestyret med på gebyrøkningen som kreves for å sikre den foreslåtte fornyelsen av ledningsnettet.»

kommunedirektør i intervju med Riksrevisjonen

Ni av ti kommunedirektørar som har svara i Riksrevisjonen si undersøking seier at det er behov for å fornya vassleidningane eller drikkevassbasseng i kommunane. Likevel svarar 42 prosent av dei at kommunen ikkje ynskjer å auka vassgebyra for å finansiera nye drikkevassleidningar- og basseng.

– Oppfattast ikkje som akutt krise

Noko av grunnen til at norske kommunar ikkje vil investera meir i opprusting VA-anlegga, er at det ikkje kjennest presserande nok, trur Helge Eide. Han er direktør for samfunn, velferd og demokrati i KS.

– Så lenge det ikkje oppfattast som ei akutt krise, vil mange kvi seg med å gje innbyggjarane i kommunen den økonomiske meirbelastninga, seier han.

Riksrevisjonen konkluderer i sin rapport med at drikkevatnet til dei fleste innbyggjarane i Noreg er trygt, og at dei nasjonale måla for drikkevasskvalitet for vassverk som forsyner meir enn 50 personar er nådd.

Rør på E39 i Sandviken

Då dette vassrøyret i Sandviken sprakk i 2019, måtte 58 personar evakuerast, og det vart trafikkaos inn til Bergen då E39 måtte stengjast.

Foto: Mette Anthun / NRK

Kommunane klare over at det ligg det store investeringa i framtida, seier Eide.

– Me må alle vera førebudde på at gebyra vil auka, seier han.

Eide minner og om at VA-gebyra har auka i dei fleste kommunar. I haust varsla KS eit prissjokk for gebyra i 2023.