Sogndal hentar ny fotballveteran til opprykkskampen

Bjørn Helge Riise (35) blir siste spelar inn dørene på Fosshaugane før overgangsvindauget stengjer. Midtbanespelaren knyter seg til klubben ut sesongen.

Bjørn Helge Riise

TIL SOGNDAL: Bjørn Helge Riise er klar for Sogndal.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Midtbanespelaren har fått lite speletid i Aalesund og tidlegare i sommar vart det kjent at serieleiaren i 1. divisjon ikkje ynskjer å forlenge kontrakten.

No er Bjørn Helge Riise klar for Sogndal. I første omgang ut 2018-sesongen.

– Bjørn Helge er veldig profesjonell, og erfaringa og leiareigneskapane hans vil vera av stor verdi i vårt unge mannskap, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogndal sine nettsider.

35 A-landskampar

Håvard Flo og Bjørn Helge Riise

SIGNERTE: Bjørn Helge Riise plasserte i dag signaturen på kontraktsframlegget til Håvard Flo og Sogndal.

Foto: Sogndal Fotball

Riise er bror til meir kjende John-Arne Riise, som i ei årrekkje heva årslønene i klubbar som Monaco, Liverpool, Roma og Fulham.

Den 35 år gamle midtbanespelaren har også opplevd fotballeventyret i utlandet, då gjennom opphald i Standard Liège, Brüssel, Fulham, Sheffield United og Portsmouth. Han står også bokført med 35 A-landskampar og eitt mål.

– Vi fekk vite at Bjørn Helge kunne bli ledig på marknaden, og vi valde å sjekke opp moglegheitene for å hente han til Sogndal, seier Flo om den rutinerte midtbanespelaren.

– Ynskjer å spele

Etter at Riise kom heim frå opphaldet i Fulham, har han spelt meir eller mindre fast for Lillestrøm og Aalesund. Då med unntak av inneverande sesong.

Med ei uviss framtid i vente gjekk han til leiinga i Aalesund og bad om å få terminert kontrakten med tangotrøyene.

– Som fotballspelar ynskjer du å bidra og spele så mykje som mogleg, og det hadde eg ikkje fått no slik eg ser det, så då ynskjer eg å terminere kontrakten slik at eg får moglegheit til å spele fotball og bidra slik eg ynskjer i ein annan klubb, seier Riise til nettsidene til Aalesunds FK.

Godt rusta for hausten

Riise er den andre spelaren som i dag er klar for Sogndal. Tidlegare i ettermiddag vart det klart at klubben også hentar eitt år yngre Trond Olsen frå Bodø/Glimt.

Dermed skulle midtbaneleddet til Eirik Bakke vere godt rusta for haustinnspurten i 1. divisjon.