Hopp til innhold

Hurtigruta kom seg ikkje til Florø

To riggar som jobbar med utdjuping i hamneløpet i Florø stengjer innseglinga. Hurtigruta måtte snu i dag tidleg.

Hurtigruta MS Trollfjord i Florø

MÅTTE SNU: Hurtigruta kom seg ikkje til land i Florø i dag.

Foto: NRK-tipsar

– Vi har jobba på begge sider av innseglinga. Det vart litt trongt mellom dei, og hurtigruta ville ikkje kome inn til hamna i dag tidleg, Magnus Rørvik, byggjeleiar for Kystverket på prosjektet i Florø.

Hurtigruta gjekk vidare. Byggjeleiaren seier dei jobbar med å ordne opp.

– Vi skal prøve å fikse det med ein gong, og så fort som mogleg. Vi har snakka med entreprenøren som jobbar på staden, og vi skal flytte dei så raskt som overhovudet mogleg, seier Rørvik.

– Kor fort er det mogleg å gjere det?

– I løpet av nokre timar eller dagen, seier han.

Dei har førebels ikkje fått nokre reaksjonar frå hurtigruta eller andre store skip.

– Ville ikkje ta nokre sjansar

Kaptein på hurtigruta, Brynjar Ulvøy, seier dei hadde fått beskjed på førehand om arbeidet som skulle gjerast. Sidan riggane hadde kome for nære kvarandre, valde kapteinen å snu.

– Vi snudde fordi vi ikkje ville ta nokre sjansar når det var så tett, seier Ulvøy.

Han seier at tilfeldigvis skulle ingen passasjerar av eller på i Florø, slik at det har ikkje råka reisande. Ein del last skulle lossast.

Men Ulvøy seier at han har forståing for at det tek tid å flytte riggane. Kapteinen vel heller å sjå positivt på situasjonen.

– Vi er glad for at dei jobbar med å gjere hamna og innseglinga betre, seier Ulvøy.