Hopp til innhold

Rettsmedisinar om dobbeltdrapet: – Skadane er så like at det kan ikkje vera tilfeldig

Drapstiltalt 58-åring erkjenner å ha knivstukke mann (42) i halsen, men nektar for dødeleg stikk mot kvinna. Rettsmedisinarane slår fast at begge drapsoffera har fått nær identisk stikk i halsen.

Montasje kniv og åstad

DRAPS-ÅSTAD: Krimteknikarar utanfor rommet der dobbeltdrapet skjedde. Ein av knivane det er gjort funn av blod på er ein kjøttkniv som låg inne på rommet.

Foto: Politiet/NRK

Torsdag var det klart for vitneforklaringar frå krimteknikarar og rettsmedisinarar etter dobbeltdrapet i Møllendalsveien i Bergen i januar 2020.

På førehand varsla dei begge retten om at det ville bli vist svært sterke bilete og videoar frå åstadundersøkingane og obduksjonen av drapsoffera Silje (29) og Jan-Øystein Ask Hilby (42).

Det er tidlegare kome fram at kvinna hadde 28 skadar på kroppen, medan mannen hadde 18 skader. Fleire av kuttskadane er påført av minst to knivar og ei øks, meiner politiet.

Like knivstikk i halsen

Drapa skjedde inne på Hilby sitt rom på hospitset natt til søndag 12. januar 2020.

Den svært erfarne rettsmedisinaren Inge Morild frå Gades Institutt viste bilete og forklarte dei mange skadane i ansikt, hovud og hals.

På begge drapsoffer er det særleg éin skade som blir løfta fram som mest alvorlege; eit knivstikk mot halsen, der kniven har kome ovanfrå og gått på tvers av halsen og ned i brysthola.

Dette er eit dødeleg stikk. Eg har sjeldan sett ein slik skade blitt påført nokon før. Og her har vi to nesten heilt make stikk, berre at dei er spegelvendt på offera. Skadane er så like at det kan ikkje vera tilfeldig, sa Morild.

– Så de meiner det er stukke på same måte og at det er spesielt?, spurte aktor Benedicte Hordnes.

– Ja, svara Morild.

Inge Morild

ERFAREN: Rettsmedisinar Inge Morild, her frå ei anna sak i Hordaland tingrett.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Nekta for dødeleg stikk på kvinna

Ein av dei tre som er tiltalt for dobbeltdrapa, ein norsk 58-åring, erkjenner å ha drepe Hilby med kniv, men nektar straffskuld for at kvinna døydde.

– Eg kutta ho med kniven, men ingen djupe, alvorlege kutt, sa 58-åringen under si forklaring på tysdag, og hevda at kvinna var i live då han gjekk ut av rommet.

Derimot var han klar på at han stakk Hilby med stor kraft i halsen.

– Det er der du bør stikke viss du skal råke alvorleg, sa 58-åringen.

I eit politiavhøyr har han også teikna knivstikket han påførte Hilby i halsen. Denne teikninga viste Hordnes til rettsmedisinarane torsdag.

– Ja, det er jo eksakt same skade, svara Morild.

Gangen inn til rommet der dobbeltdrapet skjedde

BLODSPOR: Biletet viser gangen inn til rommet der dobbeltdrapet skjedde (til venstre). På golvet var det mange blodspor, som Kripos meiner er spor etter slepinga av drapsoffera.

Foto: Politiet

Kan ha døydd etter få minutt

Rettsmedisinaren skildra at knivstikket i halsen har vore ein svært alvorleg skade for begge offer. Drapsoffera døydde av forbløding i luftvegane.

Begge drapsoffer har også kuttskadar som samsvarar med har prøvd å verje seg mot kniven

Morild meiner, basert på indre blødingar, at stikka i halsen vart påført medan offera var i live.

– Dei er heilt livstrugande. Det kan vere snakk om nokre minutt før ein dør. Ein blir medvitslaus ganske raskt av ein slik skade.

I tillegg har begge offer skader i hovudet som rettsmedisinarane er sikre på kjem frå øksehogg. Men dei kan ikkje seie sikkert om dei skadane har skjedd før eller etter døden inntrefte.

Det er den 34 år gamle polske nattevakta som er tiltalt for å ha brukt øks under drapa. Han nektar for å ha delteke i drapshandlingane.

Beslaglagt øks i dobbeltdrapssaken i Bergen

DRAPSVÅPEN: Politiet knyter denne øksa og to knivar til drapshandlingane.

Foto: Politiet

Blodig åstad

Også krimteknikarar frå bergenspolitiet og Kripos forklarte seg i retten torsdag.

Teknikaren frå Kripos fortalde at dei fann over 200 blodsprutflekkar i området rundt der rammemadrassa stod på rommet.

– Blodspora vi har funne talar sterkt for at Hilby vart påført vald medan han stod oppreist mellom senga og inngangsdøra, medan kvinna er påført vald medan ho anten var sittande eller liggande i senga, sa Bjelkåsen.

Senga vart funnen i ei skråning utanfor hospitset.

Rammemadrass i skråning ved hospits dobbeltdrapet

KASTA UT: Rammemadrassa som stod på rommet til drapsoffera, vart funnen i ei skråning utanfor hospitset.

Foto: Politiet

– Prega av panikk

Drapsoffera vart frakta til Osavatn i Arna bydel, der dei vart dumpa i ei elv måndag føremiddag 13. januar. Det har gjort sitt til at det har vore vanskeleg for krimteknikarar å finne spor.

Rettsmedisinarane har heller ikkje greidd å finne eit nærare dødstidspunkt, grunna det kalde vatnet i elva.

Også frå funnstaden ved Osavatn vart det synt fram sterke bilete og videoar frå korleis krimteknikarane fann lika.

– Gjenstandane i elva blei oppdaga kort tid etter at dei blei lagt der. Dette står ikkje fram som ein nøye planlagd stad for dumping. Det verka meir som ei panikkarta handling, sa ein av politibetjentane.

Den andre la til at arbeidet med sporsikring var svært krevjande, då vatnet i elva truleg har fjerna mange spor.

– Denne saka skil seg frå andre saker vi har jobba med, særleg i forhold til omfanget og kompleksiteten. Det har vore vanskeleg å finne rett betydning for dei spora vi har funne, sa politioverbetjenten.

Rettssaka held fram neste veke med vidare utspørjing av rettsmedisinarane, samt forklaringar frå dei andre tiltalte i saka.