Hopp til innhold

Retten fryktar at torpedosikta skal hemne seg på vitne

Vitne fryktar at mannen skal hemne seg på dei og familiane deira, dersom dei forklarar seg til politiet. No er ein torpedo-sikta mann frå Sunnfjord fengsla i nye åtte veker.

Sogn og Fjordane tingrett

FENGSLA: Mannen i tjueåra er fengsla i nye åtte veker i Sogn og Fjordane tingrett i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vald, narkotika og innkrevjing av pengar.

Det er kjernen i saka som gjer at ein mann i tjueåra frå Sunnfjord no er sikta for det politiet meiner er alvorlege tilfelle av vald og truslar.

Politiet har avhøyrd ei rekkje vitne og fleire av desse fryktar kva som skjer når mannen blir slept fri.

– Han er frykta

Det er særleg ei alvorleg hending i slutten av oktober som fekk politiet til å reagere med å pågripe mannen etter ei tids etterforsking.

Då skal den sikta ha oppsøkt ein mann heime og forsøkt å krevje inn pengar på vegner av ein annan sunnfjording.

– Etterforskinga tyder på den sikta mannen har ei rolle i miljøet som gjer at han er frykta, og at det dermed skal lite til før vitne blir påverka, meiner retten.

Torsdag denne veka møtte mannen sjølv i tingretten, saman med advokaten sin, Aurora Lindeland Geelmuyden. Ho og politiadvokat oppmoda retten om å stenge pressa ute, noko dommar Gunnhild Grove godtok.

Fryktar urette forklaringar

I avgjerda til tingretten er dommaren ikkje i tvil om at mannen framleis bør sitje fengsla, trass i at det meste av etterforsking er unnagjort.

Særleg fordi politiet fryktar at han vil påverke vitne og øydeleggje bevis.

Vitne kan bli påverka til å forklare seg med atterhald, urett eller ikkje vere villig til å forklare seg i det heile, meiner tingretten.

NRK har vore i kontakt med politiadvokat Kristine Bu. Ho ønskjer førebels ikkje å gje nokon kommentar til denne saka.

Mannen sin forsvarar, Aurora Lindeland Geelmuyden, skriv i ein e-post til NRK at dei vurderer å anke tingretten si avgjerd.

– Vi meiner at vilkåra for framhald i fengslinga ikkje er oppfylt i saka, skriv Geelmuyden.