Hopp til innhold

Retten avgjer Röyksopp-bråket

Måndag startar rettssaka som skal avgjere om millionseljande Röyksopp har stole musikk frå tidlegare kollega Rune Lindbæk. Ein konflikt som alt har pågått i mange år.

Röyksopp

Den millionseljande duoen er skulda for å ha stole musikk frå tidlegare samarbeidspartner Rune Lindbæk.

Foto: Scanpix

DJ og tidlegare kollega Rune Lindbæk har saksøkt Torbjørn Brundtland og Svein Berge i Röyksopp. Han hevdar dei har stole delar av låta «A higher place» frå låta «Lift», som Lindbæk og Brundtland skreiv saman til eit anna prosjekt.

Les: Full krig om «Melody A.M.» | Dj kan gå til Röyksopp-søksmål

Lindbæk hevdar å ha rettar til låta som vart laga for seksten år sidan, og vidare at hans rettar er krenka fordi delar av denne låta er brukt i «A higher place» som Röyksopp gav ut på plata «Melody A.M.» i 2001.

Rune Lindbæk

Lindbæk gjer krav på opphavsrett, erstatning og framtidige inntekter på Röyksopp-låta 'A higher place'.

Foto: Beatservice

– Röyksopp nektar alt

Rune Lindbæk gjer krav på opphavsrett, erstatning og framtidige inntekter på låta. Men Röyksopp-duoen nektar for at dei har stole musikk.

– For det fyrste er dei ikkje einige i at rettane til Lindbæk er krenka fordi «A higher place» er heilt annleis enn låta «Lift». Men dei er heller ikkje einige i at Lindbæk har rettane til «Lift», seier advokaten til Röyksopp, Harald Bjelke jr.

I Bergen tingrett skal mellom andre musikkfaglege meddommarar få spelt begge låtane, og begge partar skal forklare for retten korleis «Lift» vart skapt.

– Det har blitt personleg

– Denne saka betyr mykje for dei personleg, fordi historia går langt tilbake i tid, frå då dei var unge og lovande. Konflikten har hengt ved dei sidan, og har altså kome opp i form av eit søksmål no. Dei ynskjer no å få klargjort saka på ein ordentleg måte, og få rettferd.

Röyksopp, her med Robin, fikk hele to priser under Spellemannprisen 2009

Röyksopp har vunne fleire prisar for musikken sin, også for plata med låta 'A higher place' vann dei i 2001 Spellemannsprisen i kategorien elektronika.

Foto: Øystein SAnne/NRK

I fjor vart Röyksopp frikjend for delar av pengekravet frå Rune Lindbæk. Bergen tingrett slo fast at delar av pengekravet var forelda, og Röyksopp vart frikjend for eit krav om 650.000 kroner i erstatning.

Det vil seie at dersom retten no slår fast at Lindbæk skal bli tilkjend rettane han meiner å ha krav på, vil han berre kunne krevje erstatning eller kompensasjon for det Röyksopp har tent på «A higher place» etter 22. mai 2009 og for framtida.

– Det er ikkje veldig store beløp det er snakk om sjølv om låta blir spelt i ny og ne, for «A higher place» er ikkje den største hiten på plata. For Röyksopp handlar det no om å bli reinvaska for dei skuldingane som har kome ut i media, seier Bjerke jr.