- Det er vemodig at Mjelde gjev seg, men avgjerda er riktig, seier NRK sin ekspert på Brann, Geirmund Brendesæter.
I sommar spådde han at avgangen til assistenttrenar, Espen Steffensen, var byrjinga på slutten for Mons Ivar Mjelde.
I dag fekk Brendesæter rett i spådomen.
Uungåeleg
- Denne situasjonen var umogeleg å stoppa, seier NRK sin ekspert.
Mjelde kunne ifylgje Brendesæter gått av for lenge sidan.
- Snøballen tok til å rulla allereie då Steffensen måtte gå, hevdar han.
Nye trenarkrefter
- Eg meiner Brann no treng ein merittert trenar, som har gode resultat å visa til. Trenarar som held same klasse som Åge Hareide eller Trond Sollied er passande for jobben, meiner Brendesæter.
Han er usikker på kven som kan vera ein aktuell kandidat. Men han trur at ein trenar som har evne til å byggja eit lag og som har gode resultat på CV-en er rett person.
- Brann må finna ein trenar som kan takla desse utfordringane, seier Brendesæter.