Sjå også: Prøvde å redde 16-åringen
Lensmann Erik Folland. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK
Nærare 90 personar har leita etter guten i dag, men no vil leitinga bli trappa ned i påvente av at vassføringa i elva blir mindre. Det seier lensmann i Gaular, Erik Folland.
Ulukka skjedde ved Fossfossen kring klokka 21.15 måndag kveld. Den sakna var åleine i ein kano på vatnet over fossen då han vart teken av straumen og ført utfor den tretti meter høge Fossfossen.
Kanoen vart funnen ved fossen, men guten er framleis sakna.
Stor leiteaksjon
Mannskap frå Røde kors, dykkarar, tre helikopter og politiet leita måndag kveld og tysdag føremiddag etter den sakna i området nedanfor fossen. Leitinga i natt var noko redusert, men vart teken opp att med full styrke klokka ni. Eit helikopter, folk frå Røde Kors og Sivilforsvaret er i dag med i leitinga. Det vart nytta hundar og lokale kajakkpadlarar i leitearbeidet.
Også kajakkpadlarar deltek i leitinga etter den sakna. (Foto: H.L. Bakke, NRK)
Langt leiteområde
Vassføringa er svært stor i Gaula. (Foto: H.L. Bakke, NRK)
Det har vore leita både i og ved elva Gaula på ei 15 kilometer lang strekkje frå Fossfossen til elvemunningen ved Bygstad. Det er også spent opp eit nett over elvemunningen i Bygstad for å fange opp det som kjem farande med elva. Men stor vassføring, og sterk straum gjer arbeidet vanskeleg. Vassføringa i elva er no på 2.000 kubikkmeter vatn i sekundet.
Fossfossen der ulukka skjedde. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)