Rett før han hoppa tenkte han at no var livet over. - Eg har aldri vore så glad for å sjå nokre ansikt før som då eg såg ansikta til dei tre andre når eg dukka opp, seier Hauge.
Venta på unnamanøver

Båten som vart rend i senk. Foto: Egil Aardal
For fisketuren gutane hadde på tysdag kveld ved Nekkøyosen utanfor Florø enda i reine dramatikken. Den 50 fot store lystbåten hadde ein fart på 20 knop og kom rett imot gutane sin skjergardsjeep. Markus Hauge sat og venta på at lystbåten skulle svinge, men det skjedde ikkje. Då båten var omlag 50 meter unna skjønte dei at det kom til smelle, og hoppa over bord.
Såg ikkje gutane
Ungdommane kom uskada frå hendinga, men skjergardsjeepen dei sat i hadde derimot store skadar. Det seier Politibetjent Stian Bøhmer, som kom til staden kort etter. Saka blir no etterforska av politiet. Og i avhør har båtføraren forklart at han ikkje oppdaga gutane før det var for seint.