Hopp til innhold

Renate fann levande larver i rosinboksen: – Blir neppe rosiner i julebrødet

Bergenskvinna skulle kose seg med å lage julebrød då ho brått oppdaga at det var fullt av liv i rosinboksen. – Eg tok handa fort opp igjen og heiv boksen i frysen.

Renate og larven i rosinboks

SKEPTISK: Då Renate fann larver i rosinboksen, blei det julebrød utan.

Foto: Privat

Mange nordmenn er travle med å få i hamn den siste julebaksten i desse dagar.

Det var òg tilfelle for Renate frå Bergen som hadde vore innom ein Rema 1000-butikk for å handle rosiner til julebrødet denne veka.

Men då ho kom heim og skulle ta seg ein handfull med rosiner, fekk ho eit lite triveleg syn:

– Eg oppdaga ein larve som hang igjen i lokket og krølla seg. Eg såg at det var fleire nedi der, så eg tok handa fort opp igjen og heiv boksen i frysen, fortel bergensaren til NRK.

Boksen ho kjøpte var heilt ny frå butikken og forsegla med plast. Den var av merket SunMaid.

– No i juletider er det jo mange som er travle og berre hiv rosinene oppi oppskriftene. Eg er grådig glad for at eg stoppa. Det blir ikkje rosiner i farmor sitt gode julebrød i år, seier Renate.

Ho legg til at ho fyrst og fremst ønskjer å opplyse om hendinga som ei åtvaring.

Trikset med å fryse larvene lærde ho for fleire år sidan då ho fann larver i ein havregrynspose.

Fant larver i rosinboksen

FRYSE-TRIKSET: Kulden drep og hindrar insekt i å formeire seg.

Foto: Privat

Velkjent inntrengar

Truleg var det såkalla mjølbille-larver som allereie hadde byrja å ete på rosinene. Ifølge FHI er larvene vanlege i tørre matvarer i hus og lager, som til dømes kveitemjøl og havregryn.

NRK har omtala dei ubedne gjestane tidlegare.

Men korleis larvene har kome seg inn i rosinboksen er førebels eit mysterium.

Det er den svenske familiebedrifta Arvid Nordquist som importerer og distribuerer rosiner frå amerikanske SunMaid til norske matvarebutikkar.

Dei ser svært alvorleg på slike saker.

– Det er naturlegvis forståeleg at kunden har hatt ei veldig ubehageleg oppleving av produktet vårt, og vi vil sjølvsagt kompensere kunden for dette, skriv Erica Bertilsson, berekrafts- og kommunikasjonsdirektør i Arvid Nyquist Norge, i ein e-post til NRK.

Dei har allereie beklaga overfor Renate, og spurd om ho kan sende larven til dei så dei kan undersøke kva det er.

Vidare vil dei kontakte butikken ho kjøpte rosinene i og be dei leite etter kjelda til larvane i hyller og lagringsplass.

Larve i rosinboks

I ROSINBOKSEN: Det er truleg larver av mjølbilla som har forvilla seg inn blant rosinene.

Foto: Privat

Avviser larver frå produksjonen

Ut frå bilda dei har fått av boksen, meiner Bertilsson at er snakk om ein kvit mjøllarve.

– Desse mjøllarvane er ofte å finne i mjøl, frukostblandingar og liknande tørrvarer. I og med at rosiner står i bakehylla i dei norske butikkane, vil larvane kunne flytte seg til andre nærliggande produkt som rosiner gjennom små mikrohol, eller dersom ei pakke er skada, skriv ho.

Distributøren meiner det er heilt usannsynleg at larvane kan ha komme inn i boksen under produksjon eller transport, fordi dei følgjer strenge krav til hygiene, prosess og produktkontroll.

– Rosinene blir valde og deretter tørka, reinsa og ført gjennom sorteringsanlegg før dei blir pakka i pappesker. Etter pakking kontrollerer ein lukkinga av produktet og at merkinga er riktig, og deretter passerer rosinpakningane gjennom ein metalldetektor, skriv Bertilsson.