Hopp til innhold

Rektoren dømd for overgrepsbilete

Ein rektor frå Sogn er dømd til 21 dagar fengsel på vilkår etter at retten no har funnet det bevist at han har funne overgrepsbilete av mindreårige jenter på internett.

Sogn tingrett

DØMD: Ein 40 år gamal rektor frå Sogn er dømd for å surfa på ulovlege nettsider med overgrepsbilete.

Foto: Arve Uglum / NRK

For ein månad sidan starta rettssaka mot den 40 år gamle mannen i Indre Sogn Tingrett, no er domen klar.

Retten har no kome til at mannen må dømmast for det som i dommen vert kalla «skyldig i planmessig å ha gjort seg kjent med minst 11 bilder inneholde barnepornografi, i tillegg til uaktsom besittelse av to videofiler med tilsvarende innhold.»

Retten merkar seg at ein teoretisk moglegheit for hacking ikkje er tilstrekkeleg for frifinning

Dommen i Sogn tingrett

– Relativt lågt

Tingretten sler fast at ei straff på 21 dagar fengsel med vilkår er tilstrekkeleg. Det vil i praksis seie at mannen slepp å sone så lenge han oppfører seg dei neste to åra.

– Lagring eller søk etter ei viss mengde med barnepornografisk materiale vert normalt straffa med fengsel utan vilkår. Omfanget i denne saka er imidlertid relativt lågt. I tillegg har det gått lang tid frå ransaking og til dom, noko som tel i formildande retning, skriv tingretten.

Formildande er det derimot ikkje at mannen har vore rektor ved ein grunnskule i Sogn, og at den ulovlege handlinga har pågått over ein lengre periode.

Louis Anda og Knut Broberg

FORSVARAR OG AKTOR: Louis Anda (t.v.) og aktor Knut Broberg i Sogn tingrett i samband med den såkalla rektorsaka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland (MMS-foto) / NRK

Avviser hacking

I rettssaka hevda rektoren at andre kunne ha brukt dei aktuelle datamaskinene, og maskinene og kunne ha vore hacka. Dette vart unde rettsstingingane avvist av politiet sin sakkunnige dataekspert. Forsvararen til mannen, Louis Anda, meinte at hans klient måtte frifinnast.

– Retten merkar seg at ein teoretisk moglegheit for hacking ikkje er tilstrekkeleg for frifinning. I så tilfelle ville ingen kunne bli dømt for ulovleg surfing etter barneporno på nettet, skriv tingretten i dommen.

Retten avviser og påstandane frå tiltalte om at ei rekkje andre menneske skal ha hatt moglegheiten til å nytte dei aktuelle datamaskinene.

– Det er såleis ingen konkrete teikn på at den ulovlege nettbruken skal vere eit resultat av at andre har hacka seg inn på dei aktuelle datamaskinene og retten ser difor vekk frå denne moglegheiten, konkluderer dommarane.

Trakk deler av tiltalen

Retten finn det og bevist at truleg er rektoren sjølv som har vore inne på dei ulovlege nettsidene, all den stund dette fell tidsmessig saman med når han var innlogga på Facebook og nettbank.

Tiltalen mot mannen var i utgangspunktet langt meir omfattande enn det han no vart dømd for. Undervegs i rettssaka trakk aktor ei rekkje av bileta og internett-bevisa dei hadde mot mannen.

Tingretten meiner no altså at mannen uansett må dømmast, og at det han på denne tida jobba som rektor ved ein grunnskule er skjerpande for straffa.

I tillegg til 21 dagar fengsel på vilkår får mannen inndreke to datamaskiner, samt at han må betale 5000 kroner i sakskostnader til staten.

Nøgd aktor

Aktor Knut Broberg er nøgd med dommen i Sogn tingrett.

– Eg har ikkje lest dommen, men konstanterer at den er i samsvar med vi la ned påstand om, seier Broberg.

Dommen blir anka

Advoktaten til rektoren, Louis Anda, seier at dommen blir anka.

– Vi meiner at tingretten gjengir ei rekkje fakta på feil måte. Vi meiner det er feil i forhold til kva dei sakkyndige sa når det gjaldt dette å gå inn på lovlege sider og då linke seg på ulovlege sider. Dette nektar klienten min for å ha gjort, seier Louis Anda.