Hopp til innhold

Rektor blei sagt opp etter å ikkje varsla om overgrep: – Skjer ikkje ofte

Bergen kommune meiner overgrep kunne vore unngått dersom ein rektor hadde teke overgrepsvarsel vidare. – Grovt tillitsbrot ovanfor elevar og føresette, meiner skulebyråden.

Byråd for arbeid, sosial og bolig Linn Katrin Pilskog (Ap)

BROT PÅ RUTINAR: Byråd for arbeid, sosial og bustad Linn Katrin Pilskog (Ap) er einig i avgjerda til skuleleiinga i skulen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen

2. desember i fjor vart ein SFO-tilsett i 20-åra pågripen og sikta for valdtekt av fleire barn.

Etterforskinga er no ferdig, og mannen tiltalt for åtte tilfelle av overgrep mot barn.

Mannen er tiltalt for både valdtekt av barn og tilfelle av seksuell handling med barn under 14 år.

Les også SFO-ansatt tiltalt for seksuell omgang med barn

Rettsak-Ødegård-06358

Ein kveld i mai i fjor fekk rektor ved den fyrste skulen mannen var tilsett ved ei bekymringsmelding frå to elevar sine føresette om at elevane hadde blitt utsett for overgrep av den SFO-tilsette mannen.

Rektor meldte ikkje frå om overgrepsbekymring

Rektoren har forklart at han diskuterte bekymringsmeldinga med to tilsette på SFO, men dei avviste å ha sett noko urovekkjande.

Så skal han ha konfrontert den tilsette, men han avviste å ha gjort overgrep mot elevane. Rektoren meldte ikkje vidare frå.

Bergen fotografert fra Fløyen onsdag 10.07.2019

Ein rektor i Bergen måtte slutte etter han ikkje varsla om mogleg overgrep av eit barn.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Bergen kommune meiner dette truleg har ført til fleire overgrep på ein anna skule. I ei innkalling til eit møte med rektoren skriv dei:

«Det er vidare overveiende sannsynleg at din handtering av bekymringsmeldingen har ført til at elevar ved annan skole i Bergen kommune er blitt utsett for overgrep av den same tilsette».

17. januar i år vart mannen avsett.

BT fekk innsyn i og omtalte oppseiingsvedtaket fyrst. BA var førre veke fyrst til å melda at mannen ikkje lenger jobbar i kommunen.

Avskjedsbrev fra Bergen kommune
Illustrasjon: Skjermbilde

– Å ikkje melda ifrå om eit så alvorleg lovbrot til sine overordna, er eit grovt brot på arbeidskontrakten og rutinane våre. Ikkje minst er det eit stort tillitsbrot ovanfor foreldre og elevar, seier nyråd for barnehage, skule og idrett, Linn Katrin Pilskog (Ap)

Skjer sjeldan

Advokat Birthe Eriksen kallar avskjeden prinsipielt interessant. Ho er ekspert på arbeidsrett og varsling, og har mellom anna forska på arbeidsgjevarar og leiarar sine roller og ansvar.

– Det er veldig, veldig mange saker der varslarar forsøker å nå fram med påstandar om kritikkverdige forhold. Det at arbeidsgjevarar no slår ned på at eigne tilsette ikkje handterer mottekne varsel på ein forsvarleg måte, er ein del av det å bidra til at varslingsinstituttet fungerer.

– Det er interessant, fordi me ser ikkje det så veldig ofte, seier Eriksen.

Sponsor Service-saka var den fyrste store saka var den fyrste store saka der nokon som unnlét å varsla vart stilt til ansvar, ifylgje Eriksen.

Birthe Eriksen, advokat
Foto: Silje Rognsvåg / NRK

I 2006 vart økonomisjefen i selskapet tiltalt for å ikkje ha varsla vidare om rekneskapsføring som gav selskapet kunstig gode resultat.

Eriksen understrekar at ho ikkje kan uttala seg om rektoren kan ha eit straffansvar i denne spesifikke saka.

Generelt er advokaten usikker på om politiet vil sjå nærare på om manglande varsling av overgrep på ein skule kan medføra strafferettsleg ansvar.

– Me har ikkje sett så mange eksempel på denne typen saker, seier Eriksen.

– Rutinane var gode nok

Avskjeden av rektoren vart gjort av administrasjonen i Bergen kommune.

Kommunaldirektør for barnehage, skule og idrett Marius Arnason Bøe stadfestar at han tok avgjerda om avskjed av rektoren, men har ikkje svart NRK sine intervjuførespurnader.

Etatsdirektør for skule i Bergen kommune, Frode Nilsen, har avslått NRK sin intervjuførespurnad.

– Å ikkje melda ifrå om eit så alvorleg lovbrot til sine overordna, er eit grovt brot på arbeidskontrakten og rutinane våre. Ikkje minst er det eit stort tillitsbrot ovanfor foreldre og elevar, seier byråden.

Byråden meiner at instruksane og prosedyrane for varsling var gode nok.

– Det har vore andre saker i same tidsrom der dei involverte leiarane har følgd instruksar og prosedyrar slik dei skulle.