Hopp til innhold

Rekordvår for eigedommar

Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt ein rekordvår.

Florø by

POPULÆR BY: Sparebanken Sogn og Fjordane har selt 60 eigedommar i Florø i første halvår.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Avisa Firda skriv at banken har seld 200 eigedommar første halvår. Det er ein auke på 20 prosent i høve til i fjor. Også omsetnaden har auke med omlag 20 prosent.

Det er i Florø at den største auken har vore. Her er banken selt 60 eigedommar. Eigedomsmeklar Greta Halvorsen seier at den positive utviklinga av arbeidsplassar har vore med å påverke marknaden.

– Mange har også eit ønskje om sjøutsikt og nærleik til sjøen. Det har vi her i Florø, seier ho.

I Førde blei det seld 78 bustader og er prisleiaren i fylket. Det er flest rekkjehus som blir seld, på grunn av få einebustader på marknaden.

– Skal ein ha sjølveigd tomt, finst det ikkje mykje under tre millionar. Det er klart det er mykje pengar, seier eigedomsmeklar Heidi Berge i sparebanken.