Hopp til innhold

Rekordtravelt for laboratoria: Her analyserte dei 200 koronaprøver i timen heile døgnet

BERGEN/FØRDE (NRK): Noreg nærmar seg 3 millionar koronatestar. I Bergen og Oslo har sjukehuslaboratoria sett nye prøverekordar på eitt døgn.

Koronalaben på Haukeland universitetssjukehus

TRAVEL TID: Bioingeniørane ved laboratoriet til Haukeland sjukehus er no i stand til å analysere fem gonger så mange prøver som ved starten av pandemien.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Her ser vi om det er nokon som har positivt svar på korona, fortel Gunhild Skogseth Naterstad og peiker på ei kurve på skjermen framfor seg.

Ho er seksjonsleiar ved mikrobiologisk laboratorium Haukeland, der dei no har svært travle dagar.

Testeviljen både før og etter jul har vore stor. No har laboratoriet sett ny rekord med 4800 analyserte prøver på eit døgn.

Men det legg press på bioingeniørane. I heftige periodar er døgnkapasiteten deira på 4000 testar.

– Dei siste døgna har vore travle, men vi føler vi har hatt god kontroll, seier seksjonsoverlege Øyvind Kommedal

Gunhild Skogseth Naterstad, seksjonsleiar ved mikrobiologisk laboratorium Haukeland

HAR TEKE I BRUK FLEIRE ROM: Gunhild Skogseth Naterstad er seksjonsleiar ved mikrobiologisk laboratorium Haukeland der dei no har sett ny rekord for tal analyserte koronaprøver.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Nær 3 millionar testar

Sidan pandemien starta, er det teke nær 2,9 millionar koronatestar i Noreg, syner tal frå Folkehelseinstituttet.

Ved Haukeland sjukehus har laboratoriet hatt døgndrift sidan før sommaren for å greie å ta unna.

I meir jamn drift tek bioingeniørane unna ein stad mellom 2500 og 3000 testar.

– At vi klarer så mykje no, handlar om investeringar frå sjukehuset, stor maskinpark og flinke tilsette, seier Kommedal.

Sjukehuset er no i stand til å analysere fem gonger så mange prøver som ved starten av pandemien. Trass i stort arbeidspress greier laboratoria halde svar-tida under 24 timar for 90–95 prosent av prøvene.

Men går dei over eigen kapasitet over tid, må dei finne nye løysingar.

– Vi kan ta inn personell frå andre laboratorium og auke kapasitet på natt. Kanskje må vi begynne å nedprioritere annan diagnostikk, som kanskje ikkje er fullt så viktig når koronaen er på sitt verste, seier han.

Koronatesting på Festplassen i Bergen

TESTEVILLIGE: Noreg har strøyma til teststasjonane etter jul. I Bergen er det sett både testrekord og analyserekord denne veka.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Også rekord i Oslo

Om nokre dagar vil Oslo universitetssjukehus ha runda ein halv million analyserte prøver. Etter relativt rolege dagar rundt jul og nyttår, er pågangen no aukande.

– Vi analyserte nesten 4000 prøver måndag og 6800 prøver tysdag, som nok er rekord hos oss, opplyser Fredrik Müller, avdelingsleiar ved avdeling for mikrobiologi ved Oslo universitetssjukehus.

Sjukehuset er i ferd med å byggje ut kapasiteten og vil få ein estimert kapasitet på 10.000 analysar i døgnet.

Leveransar av eingongsprodukt til analysane er ei utfordring i arbeidet, seier Müller.

Laboratoriet ved Haukeland sjukehus

MANGE PRØVAR: 4800 analyserte prøvar på eitt døgn, betyr 200 prøvar i timen.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Fleire prøver etter nyttår

I Helse Førde blei 456 prøver analyserte tysdag. Eit betydeleg høgare tal enn i dagane før og nær rekorden på 461 analyserte prøver i september.

Maks kapasitet er eigentleg på 400 prøvar per dag.

– Då er det to skift om dagen. Så har vi hatt dagar der vi greier å presse inn fleire, seier Reidar Hjetland, avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling i Helse Førde.

Laboratoriet ved Førde sentralsjukehus er rigga for å teste 1,5 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane i veka, eller kring 1600 testar.

– Viss kapasiteten blir overskriden på sikt, har vi moglegheit til å be kommunane sende prøver direkte til Haukeland sjukehus, fortel Hjetland, og legg til at dette blir gjort onsdag.

Teststasjon i Førde

TESTKØ: Mange møtte til testing i Førde onsdag føremiddag. Det betyr fleire prøver å analysere for laboratoriet ved Førde sentralsjukehus.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Har auka kapasiteten

– Vi har til no ikkje vore reelt utfordringar på kapasiteten vår, seier Gunnar Skov Simonsen, leiar ved avdeling for mikrobiologi og smittevern ved universitetssjukehuset Nord-Noreg.

Sjukehuset har auka analysekapasiteten kraftig dei siste månadene, mellom anna med 10–12 ekstra årsverk på teknikarsida.

Dei vil snart greie å analysere testar tilsvarande 5 prosent av befolkninga Troms og Finnmark kvar veke, kring 3000 testar om dagen.

Får ny analysemaskin i drift

Helse Fonna har til no hatt kapasitet til å teste eigne tilsette og pasientar. Prøver frå innbyggjarar i kommunane har i hovudsak blitt analyserte ved Haukeland sjukehus.

No kan laboratoriet i Bergen få avlastning.

Ei ny analysemaskin vil i tida som kjem auke testkapasiteten, opplyser kommunikasjonssjef Magne Kydland.

– Testkapasiteten ved Haugesund sjukehus vil auke og ein vil i større grad kunne analysere testar frå kommunane, seier Kydland