Hopp til innhold

Rekordtal for sjømateksporten – sjølv om lakseprisen stuper

Lakseprisen er 30 prosent lågare enn i mai. Likevel var juli den sterkaste enkeltmånaden for laks nokosinne.

Laks inne på SalMar sitt foredlingsanlegg på Frøya i Midt-Norge (Sør-Trøndelag).

GEOPOLITIKK: Sanksjonar på russisk fisk har auka etterspurnaden etter norsk fisk.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Prisen på laks held fram med å falle. I veke 30 var eksportprisen på fersk laks 74 krooner per kilo, ned 8 prosent frå veka i førevegen.

Det viser nye tal frå SSB, som karakterisere nedgangen som «vesentleg».

Ved påsketider var det til samanlikning rapportar om at det vert seld laks til Asia for 140 kroner per kilo.

Den høgaste eksportprisen i år var i veke 18, den første veka i mai. Då vert det selt laks for 108,21 kroner per kilo (sjå graf).

Forklaringa var låg produksjon hos alle dei store lakseoppdrettarane: Noreg, Chile, Skotland og Færøyane.

No gjer meir fisk i marknaden at prisen vert justert ned.

Likevel melder Noregs sjømatråd om «knalltal».

– Juli var den sterkaste enkeltmånaden for laks og aure nokosinne, seier konstituert administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Børge Grønbech.

Les også Prisen på laks har aldri vore høgare

En av Salaks lokaliteter for oppdrett.

Sanksjonar på russisk fisk

På same tid i fjor var kiloprisen på laks om lag 60 kroner. Så den dalande lakseprisen er framleis høg i eit historisk perspektiv.

I tillegg er det høge prisar på sei, torsk og hyse.

Vidare speler den geopolitiske situasjonen inn. Sanksjonar på russisk fisk har auka etterspurnaden etter norsk torsk.

Hittil i år har Noreg eksportert sjømat for 81,7 milliardar kroner – opp 29 prosent frå same periode i fjor. 73 prosent av den totale verdien kjem frå oppdrettsfisk.

Nøkkeltal frå Noregs sjømatråd viser at verdien av norsk sjømateksport har dobla seg sidan 2015. Den største marknaden er Polen, Danmark og Frankrike.

Sjømatanalytikar i Noregs sjømatråd Paul T. Aandahl, seier til NRK at sommaren følgjer eit «velkjend mønster» med auka volum og lågare pris på seinsommaren.

– Eksempelvis var eksportvolumet for fersk laks i juli i år 17 prosent høgare enn i juni månad, og prisen var 12 prosent lågare enn i juni i år.

Lakseoppdrett

Prisen på laks held fram med å gå nedover. I veke 30 var eksportprisen på fersk laks 74 krooner per kilo, ned 8 prosent frå veka i førevegen.

Foto: Victor Ruiz Caballero / REUTERS