Hopp til innhold

Rekordtal for Coop Vest

Coop Vest dobla overskotet på eitt år. No skal det investerast i Sogn og Fjordane.

Coop Xtra Sogndal

GÅR GODT: Coop-kjeda tener gode pengar i Sogn og Fjordane. Her Coop Extra-butikken i Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– 2014 var eit fantastisk år for oss, seier administrerande direktør Geir Espe.

Coop Vest har selt varer for 1,6 milliardar kroner, ein auke på nesten 60 millionar kroner frå året før. Resultatet etter skatt er på 13,5 millionar kroner, det største samvirkelaget – med butikkar i Sogn og Fjordane og søre Sunnmøre – har hatt. I 2013 var resultatet 5,1 millionar kroner.

Geir Espe

POSITIVE TAL: Direktør Geir Espe, gler seg over auka omsetning.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

– Auken har fleire årsaker, men fyrst og fremst har vi mange gode og lojale kundar rundt om i bygd og grend. Det er mange som bryr seg om butikkane sine, og det er sjølvsagt det viktigaste, seier Espe.

Nordfjordeid, Sandane og Høyanger

Coop-sjefen fortel at kjeda har satsa på nokre nye konsept i regionsentera. Mellom anna støre utval i lokalprodusert mat. Tilbakemeldingane er ifølgje Espe at dette er noko som trekkjer kundar til butikkane.

Coop Vest vil bruke deler av fjorårets overskot til å ruste opp eksisterande butikkar.

Coop Mega i Høyanger

OPPGRADERING: Coop Høyanger er ein av butikkane som no skal rustast opp. Bygget har i dag Mega, manefaktur og sportsforretning i regi av Coop.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi skal bruke noko av dette til å investere. Eg håpar vi kjem i gong på Nordfjordeid, og vi skal bygge om i både Høyanger og på Sandane, opplyser Espe.

Samvirkelaget har også store planar i Stryn.

I tillegg får Coop Vest truleg ansvaret for fleire ICA-butikkane, etter Coop Norge sitt oppkjøp av den svenske matvarekjeda.

– Men det viktigaste er å investere i betre butikkar, for både medlemmene og kundane våre, seier Espe.

Coop Extra i Førde

HOVUDKONTORET: Coop Vest har administrasjon i tilknyting til Coop Extra på Brulandsvellene i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Må utvikle oss

Coop har i dag om lag 900 tilsette fordelt på 66 butikkar i 27 kommunar. Hovudkontoret er i Førde. Mange av butikkane går godt, ifølgje Espe.

– Vi ser at i mange små grender er det stort engasjement for butikken, som er ein viktig del av bygda. Det har ført til at mange av våre små butikkar har gode resultat.

Direktøren er likevel klar på at nye investeringar må til.

– Vi vil vere ei toneangivande bedrift i daglegvarehandelen. Vi er avhengige av å utvikle oss. Viss ingen investerer, vil fylket tape på det, seier Geir Espe.

Medlemsverksemda Coop Vest betalte ifølgje rekneskapen ut 12 millionar kroner i utbyte til eigarmedlmennene i fjor.