Rekordsøknad til folkehøgskulane

Friluftslivslinjer er spesielt populære når rekordmange i år har søkt seg til folkehøgskulane landet rundt. På Sandane er alle dei 140 plassane på Nordfjord Folkehøgskule knytte til friluftsliv, og der er det no berre ti ledige plassar igjen for neste skuleår. Rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø seier dei merkar godt at friluftsliv er trendy blant ungdom.