Hopp til innhold

Rekordmange tatt for å drive ulovleg

Aldri før er det avdekka så mykje arbeidsmarknadskriminalitet som i år. Berre i Hordaland er over 800 bedrifter kontrollert dei siste to åra.

Kontroll på bilverkstad utført av politi, vegvesen og arbeidstilsynet

ULOVLEGE FORHOLD: I november kontrollerte Vegvesenet denne arbeidsplassen i Bergen. Her blei det påpeikt fleire forhold.

Foto: Siri Løken / NRK

Ulovlege bilverkstadar, usikre byggeplassar og svart arbeid er noko av det som er oppdaga.

I november utførte blant andre Statens vegvesen, Arbeidstilsynet og politiet ein storaksjon mot ulovleg drivne bilverkstadar over heile landet. I Bergen blei mellom anna ein bilverkstad der innehavaren dreiv utan godkjenning stengd på dagen.

Òg i byggebransjen og utelivsbransjen er mange verksemder kontrollert.

– Det er eit stort omfang innanfor ei rekke område. Vi finn kriminalitet innanfor arbeidsmiljølovgivning, skattelovgiving og trygdekriminalitet, seier Knut Lervåg. Han er koordinator for den såkalla a-krim-gruppa i Bergen, som har avdekka rekordmange ulovlege forhold.

Etter tilsyna har gruppa meldt til politiet over hundre personar og verksemder berre i Hordaland til politiet dei siste to åra.

Ulovleg sveis for å fikse ramme på bil

ULOVLEG: Ein av verkstadane som blei kontrollert i haust hadde sveisa på ei stong frå eit klesstativ for å reparere ramma på bilen.

Foto: Statens vegvesen

Ressurskrevjande arbeid

– Dei fleste sakene er i byggebransjen. I tillegg har vi saker innan transportbransjen, servering, massasje og frisør, seier avdelingsdirektør i Skatt Vest, Torkel Fure.

Han fortel at mange av sakene er svært ressurskrevjande å arbeide med.

– I dei meir komplekse sakene bruker vi veldig store ressursar, i dei største sakene snakkar vi fleire årsverk for revisorar. I tillegg er det juristar som er med å skrive politimeldingar og vedtak, så det er betydelege ressursar som blir brukt, seier Fure.

– Viktige aksjonar

Knut Lervåg i a-krim-gruppa meiner aksjonane dei gjennomfører er viktige, òg for forbrukarane.

– Det er problematisk å bruke aktørar som på ingen måte er kvalifisert til å gjere den jobben dei gjer. Dersom ein får utført ein dårleg jobb på ein bilverkstad kan det vere livsfarleg, til dømes om ufaglærte ordnar bremsene dine, seier Lervåg.

Han meiner det difor er viktig å avdekke desse.

Ulovleg verksemd i Stavanger

UTAN KOMPETANSE: Kontrollane viser at arbeidarar utan kompetanse reparerer bilar som er inne på verkstadar over heile landet.

Foto: Statens vegvesen