Hopp til innhold

Mari (24) har stått i kø for å få studentbustad sidan april: – Veldig stressande

Det er lange ventelister for å få studentbustad i fleire byar. Berre i Bergen står 2200 studentar i kø.

Mari Rolstad

Mari Rolstad har sagt opp hybelen ho har leid privat det siste året. Snart må ho flytta ut, men ho har ingen bustad å flytta til. – Eg kjenner på stresset nå.

Foto: Privat

– Det er veldig stressande. Eg har prøvd å få tak i bustad i mange månader.

Mari Rolstad startar snart på andre året på bacheloren på NLA Høgskolen i Bergen. Nå slit studenten frå Lillehammer med å finna ein stad å bu til neste semester.

Aller helst vil ho bu i ein studentbustad.

– Det er mykje tryggare og meir stabilt. Studentbustadene er også mykje rimelegare enn på den private marknaden, fortel ho.

Ho er ikkje aleine om det.

Aldri før har det vore så mange som vil ha studentbustad i Bergen så tidleg på sommaren. Tal frå 1. juli viser at det gjeld 2200 studentar.

– Vil ha stram inkludert

– Me er vant til lange køar. Det har me hatt i fleire år, men situasjonen har aldri vore som den er nå, seier styreleiar i studentskipnaden på Vestlandet, Sammen, Amalie Johnsen Lunde.

Amalie Lunde, styreleder i Sammen.

Styreleiar i Sammen, Amalie Johnsen Lunde, synest det er dumt at dei ikkje klarar å tilby studentbustader til fleire.

Foto: Ørjan Andreassen

Ho trur at aukinga i ventelista skyldas at fleire studerer i Bergen. I tillegg seier ho at det er tryggare og billigare å leia studentbustad enn å leia privat.

– Med rekordhøge straumprisar, ser også mange etter bustader som har straum inkludert.

Lange ventelister fleire stadar

Også i Stavanger er det fleire på venteliste samanlikna med i fjor. 1. juli står 1.091 personar på venteliste, opplyser Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS).

I Oslo står 6700 på venteliste per 1. juli. Det er litt færre enn i 2019, då var talet rundt 7000.

Likevel meiner Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) at dei har for få bustader mot talet på studentar i byen.

Kommunikasjonsdirektør Nina Langeland seier dei vil gjere alt dei kan for å få fleire studentbustader.

Sjå oversikt over ventelister til andre byer:

VG og BT har også omtalt køane.

Har søkt kvar veke sidan april

Omtrent kvar veke må Rolstad bekrefte at ho ennå vil stå på venteliste, fortel ho. Det har ho gjort sidan april.

– Det har blitt ein rutine. Du ventar på å få avslag eigentleg. Kvar måndag får ein beskjed om å setta seg på venteliste på ny. Det er ikkje noko greitt, seier Rolstad.

Mari Rolstad

Mari Rolstad håper ho snart får tildelt ein studentbustad.

Foto: Privat

Dei ledige bustadane i Bergen blir fordelt til søkarane kontinuerleg.

Styreleiaren i Sammen seier at studentane må bekrefta plassen med jamne mellomrom for at ventelistene skal vera oppdaterte. Då unngår dei at personar som ikkje vil ha bustad likevel tek opp plassen.

Vil bygga fleire bustader

– Me synest det er dumt at me ikkje klarer å tilby studentbustader til fleire, seier styreleiar Lunde i Sammen.

Ho meiner løysninga er å bygga fleire bustadar.

Grønneviksøren studentbolig i Bergen

Mange vil bu i studentbustader i Bergen, til dømes på Grønneviksrøren.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– Det er frustrerande slik det er nå. Me har moglegheit til å starta å bygga i morgon, så godt som.

Problemet er, ifølge ho, at dei ikkje har tomter og at planprosessane i kommunen går for treigt.