Hopp til innhold

Sjå bileta frå Helse Førde-stafetten

Med 97 lag som gjekk over målstreken vart det rekorddeltaking under årets Helse Førde stafett.

Over 100 lag hadde meldt seg på til stafetten, men då dagen kom var det 97 som gjekk over målstreken. Det er 16 meir enn i fjor og betyr nok ein solid deltakarrekord.

Førde IL Langrenn sitt lag vann stafetten med tida 35:29:00. På andreplass kom Dream Team med tida 35:35:00 og på tredjeplass Øygardane med tida 36:35:00.

Medan dei fleste laga hadde ein mann på kvar av dei seks etappane, var det nokon som både sprang og sykla alt åleine. Skiløparen Andre Haugsbø frå Gaular vart best av dei som fullførte heile stafetten åleine.

Dette gjorde han med den imponerande tida 36:29:00, noko som plasserer han inn på tredjeplass blant stafettlaga.

SJÅ HEILE RESULTATLISTA HER