Hopp til innhold

Rekordmange oppsøkte valdtektsmottak i fjor: – #MeToo truleg del av forklaringa

BERGEN LEGEVAKT (NRK): Valdtektsmottak i fleire norske byar opplever ei stor auke i talet på pasientar. I Bergen har dei aldri før hatt fleire innom mottaket.

Eivind Damsgaard

FLEIRE PASIENTAR: Overlege Eivind Damsgaard ved valdtektsmottaket i Bergen trur mellom anna #MeToo-kampanjen kan ha verka inn på at fleire no tek kontakt. Han meiner fleire tabu no er brotne.

Foto: Henrik Hauken / NRK

– Nokon kjem rett frå staden der hendinga har funne stad og er veldig fortvila og oppskaka, gjerne rusa, medan andre er heilt rolege og forklarer seg greitt, seier overlege Eivind Damsgaard ved valdtektsmottaket i Bergen.

221 kvinner og 13 menn kom til mottaket i fjor, ifølge BT som først skreiv om dei nye tala. Det er 33,7 prosent fleire enn året før, og ny rekord.

– 2017 var eit ekstremt år med tanke på valdtekter. Den aller største auken er i den yngste gruppa, frå 15 til 17 år. Der er det nesten 70 prosent fleire som tek kontakt, seier Damsgaard til NRK.

Auke i fleire byar

#MeeToo-kampanjen har ført til stor merksemd rundt seksuell trakassering og overgrep. Damsgaard trur dette kan vere ein del av forklaringa på at fleire no tek kontakt med valdtektsmottaket.

– Det er litt vanskeleg å seie nøyaktig kva som er forklaringa, men vi har Hemsedal-saka, «Skam»-serien, og #MeToo-kampanjen som moglege årsaker. Generelt gjer nok auka fokus på seksuelle overgrep i media at fleire søker hjelp, seier Damsgaard.

Eivind Damsgaard

FLEIRE YNGRE: I 2016 hadde valdtektsmottaket i Bergen 175 pasientar. Året etter var talet 234. – Den aller største auken er i den yngste aldersgruppa, frå 15 til 17 år, seier Damsgaard.

Foto: Henrik Hauken / NRK

Også i fleire andre store byar melder valdtektsmottaka om at fleire personar tok kontakt i fjor. Tromsø har hatt ei auke på 45,2 prosent, medan det i Bodø var 27,3 prosent fleire.

I Oslo tok 18 prosent fleire kontakt frå 2015 til 2016, medan det var mellom fem og seks prosent auke frå 2016 til 2017.

– Det har vorte mindre skambelagt å melde frå om at ein er utsett for eit overgrep, og i tillegg er tilboda gjort godt kjend, seier Damsgaard.

– Meir openheit og mindre tabu

June Holm i Vi Tror Deg-stiftinga trur også at #MeToo-kampanjen har fått fleire til å oppsøke hjelp. Ho grunnla stiftinga saman med Andrea Voldum, kjend gjennom Hemsedal-saka der tre menn vart frifunne for å ha valdteke henne, i starten av 2017. Holm fortel at fleire har teke kontakt med dei den siste tida.

– Det er blitt mykje meir openheit rundt seksuelle overgrep. Det er framleis tabu, men ikkje så skummelt å snakke om som før, seier Holm.

June Holm og Andrea Voldum

LAGA EIGA STIFTING: June Holm (t.v.) og Andrea Voldum (t.h.) grunnla i januar 2017 Vi Tror Deg-stiftinga. Begge har stått fram som overgrepsoffer. Voldum fekk mykje merksemd i samband med Hemsedal-saka.

Foto: Espen Solli

Holm, som sjølv har stått fram som overgrepsoffer, har merka stor endring i korleis det har vorte snakka om overgrep det siste året. Ho håpar fleire tør å søke hjelp i 2018.

– Ein hjelper seg sjølv veldig ved å gå til eit valdtektsmottak, seier ho.

– Kom raskt

På valdtektsmottaket i Bergen fortel overlege Damsgaard at rundt halvparten av pasientane dei siste åra har meldt overgrepet dei er utsett for til politiet.

– Vi oppfordrar generelt pasientane til å gjere det, eller i alle fall ta kontakt med bistandsadvokat for å diskutere det, seier Damsgaard.

Sporsikringsutstyr for volds- og seksualforbrytelser

SPORSIKRING: Pinnar til DNA-prøvar og brune posar til truser og andre klede som kan sikre klede etter overgrep er del av utstyret som vert brukt på valdtektsmottaket.

Foto: Henrik Hauken / NRK

Overlegen meiner det er viktig at fleire no søker hjelp.

– Vi håpar terskelen for å kome til legevakta og valdtektsmottaket er blitt lågare, og ut ifrå dei ferske tala verkar det jo slik. Vi ønskjer at dei skal ta kontakt raskast mogleg og ikkje dusje før dei kjem til oss for å få hjelp, seier Damsgaard.