Over 14 000 lærarar i barnehage og skule har søkt om å få vidareutdanning frå hausten.
– Eg er svært glad for at så mange barnehagelærarar, lærarar og leiarar ynskjer fagleg påfyll, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
I år har regjeringa sett av 1,6 milliardar kroner til vidareutdanning i skulen, og dobla løyvinga til barnehagelærarar til om lag 220 millionar kroner.
– Eg er glad for doblinga av vidareutdanningsmidlar for barnehagelærarar. Kor mykje som er nok, kan alltid diskuterast. Men med slike søkartal, er i alle fall ikkje tilbodet for stort, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.
Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet.
Foto: William Jobling / NRKStørre handlingsrom
Då fristen gjekk ut 1. mars i år, hadde nær 11.000 lærarar søkt. Det er 8 prosent fleire enn i fjor.
Regjeringa ynskjer å styrke kompetansen i praktiske og estetiske fag og spesialpedagogikk. Søkartala til desse faga og andre viktige fagområde har auka frå i fjor.
- I dei praktiske og estetiske faga har søknadane auka med 49 prosent, til om lag 1000 søkarar.
- For spesialpedagogikk har søknadane auka med 48 prosent, til nesten 2 500 søkarar.
- For andrespråkspedagogikk har søknadane auka med 40 prosent, til over 700 søkarar.
- For yrkesfaglærar har søknadane auka med 25 prosent, til om lag 560 søkarar.
– Eg trur noko av auken i søkartala kan forklarast med at tilbodet har blitt breiare. Det er bra, og desse tala viser med all mogleg tydelegheit at det er behov for kompetanseutvikling i mange ulike fag og område, seier Handal.
Skal godkjenne
I Sogndal har 40 lærarar søkt om vidareutdanning i 2023. Det er 10 fleire enn i fjor.
– Det er positivt at lærarane ynskjer å vidareutdanne seg, seier Frode Kristian Grøttebø, som er leiar for Sogndalsskulen.
Akkurat no er han midt oppe i prosessen med å velje ut kven som slepp gjennom nålauget til vidareutdanning i år. I fjor godkjende dei 21 av 30 søknader.
– Det er ein balansegang her. Vi er glade for at for at så mange vil ha vidareutdanning, samstundes som vi og må sikre at vi har lærarar nok til å gi elevane eit godt tilbod, seier Grøttebø.
Klart i mai
I mai vert det klart kva lærarar og leiarar i barnehage og skule som får tilbod om vidareutdanninga. Før Utdanningsdirektoratet får behandla søknadane skal barnehage- og skuleeigarane gjere sine prioriteringar.
Åge Stafsnes er kommunalsjef for skule i Sunnfjord.
Foto: May-Helen Rolfsnes / NRKI Sunnfjord har kommunen 61 søknader som skal godkjennast, fire færre i enn fjor.
– Blant dei er det også dei som ynskjer å auke kompetansen sin i fag det ikkje er krav til. Og så har vi vår prioritering i kommunen og vil legg vekt på basisfag og vi har behov for til dømes spesialundervising, seier Åge Stafsnes, kommunalsjef for skule i Sunnfjord.
– Gode lærarar med oppdatert kunnskap vil bidra til å gi barna våre eit endå betre barnehagetilbod, og til at ungane våre lærer og trivest i skulen, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).