Hopp til innhold

Rekordmange har gjort som desse

Aldri før har så mange skular meldt seg på BlimE-dansen. I år får også barnehagane sjansen til å bli med.

I Jølster er både Vassenden og Skei skule med på BlimE-dansen.

– Det er heilt utruleg, kvitrar prosjektleiar for BlimE-dansen i NRK Super, Hanne Vennemo.

Påmeldinga starta i august, og då Vennemo gjekk frå jobb onsdag var 1170 skular og barnehagar påmelde. Til samanlikning var 850 skular med på dansen i fjor.

– Til no er meir enn 210.000 born påmelde. Det er utruleg mange, seier Vennemo.

Ho torer ikkje tenkje på kor høgt talet vert til slutt, for påmeldingsfristen er nemleg ikkje ute.

Alle skal danse på same tid

– Nei, ein kan melde seg på heilt fram til 13. november, når dansen skal framførast. Det er utruleg kjekt at så mange vil vere med, seier Vennemo.

Det er fjerde gong BlimE-dansen vert arrangert. BlimE handlar om å gjere ein forskjell, la alle bli med, vere ein venn og bry seg om dei ein har rundt seg. Kvart år har det vorte laga ein eigen dans som det vert laga instruksjonsvideo på vårparten.

Hoppande glade

IVRIGE: I dag var regissør Torgrim Grimstad og koreograf Karoline Berge Hammersmark i Jølster for å filme dansande born.

Foto: NRK

Nokre månadar seinare, på BlimE-dagen, stiller skulane, og i år barnehagane, opp og dansar dansen på nøyaktig same tidspunkt. Samtidig går BlimE-sendinga på NRK Super.

I samband med sendinga som skal gå 13. november, var NRK Super i dag på Skei for å filme vel 300 dansande elevar frå skulane på Vassenden og Skei.

Har laga ein litt enklare versjon for barnehagane

– Dei var ein flott gjeng, og vi er imponerte over kor flinke dei er, seier koreograf Karoline Berge Hammersmark, som står bak dansetrinna i BlimE-dansen.

På BlimE-dagen kjem mellom anna opptaket frå Skei til å bli sendt på NRK Super, saman med innslag frå andre skular og barnehagar landet rundt.

– Det er veldig kjekt at også barnehagane får sjanse til å vere med i år. Vi har laga ein litt forenkla danseversjon for dei, seier Hammersmark.

Viss skulen eller barnehagen din framleis ikkje har meldt seg på, eller lært seg dansen, har Hammersmark eit klart råd.

– Gå inn på NRK Super sine nettsider og last ned dansen, og meld dykk på, seier Berge.