I eit kvitmåla hus har den vesle familien funne sin draumestad.
Både Charlotte Hestenes Evensen og sambuaren Håvard Austevoll kjem frå Bergen. No er bygda Stårheim litt lenger nord på Vestlandet adressa deira.
Og sjølv om det ikkje var koronaen åleine som avgjorde valet, vart det mykje lettare.
– Alt var stengd i byen uansett, då var det lettare å vere her ute. Her er ting meir fritt, seier Charlotte.
Meir flytting
Enkelte av trendane under pandemien har overraska forskarane.
– Normalt når det er ein type krise, så er det færre som flyttar. Men under pandemien så har det vore auka flytting, seier seniorforskar ved Telemarksforsking, Knut Vareide.
Det er særleg flyttetala frå fjerde kvartal dei siste 20 åra som får forskaren til å undre.
Her viser tala at det var lite flytting rundt finanskrisen i 2008. Også i 2002 var det nedgangstider og låge flyttetal.
I fjerdekvartal i koronaåret 2020 var det derimot rekordhøge tal, meir enn 54.000 flytta frå ei kommune til ei anna. Uvanleg mange flytta ut av Oslo.
– Vi veit ikkje sikkert årsaka til at flyttetala no er så høge. Ei forklaring kan vere ein vanskeleg arbeidsmarknad i Oslo under pandemien.
Ein annan årsak kan vere behov for større plass når mange har hatt heimekontor. Dei tradisjonelle fordelane med storbylivet forsvinn når byen blir stengd ned.
Ei ny tid
Sambuarparet frå Bergen seier dei flytta til bygda fordi dei ønskjer å bu landleg, og ha ein annan livsstil.
Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestland, Gro Marit Grimsrud, har forska på flytting mellom by og land i Noreg.
– Når du skal flytte på deg er det mange ting som må klaffe samtidig. Du må ha ein jobb, inntekt og bustad. Viss det er barn inne i bilete, må du kanskje ha barnehageplass eller skule.
Grimsrud trur at koronapandemien kan føre til ei ny tid, som kan føre til at trenden kanskje snur.
Det har òg skjedd tidlegare. På 70-talet var det fleire som flytta ut frå byen og til bygda.
– Mange studentar har og flytta heim fordi det berre er digital undervisning. I tillegg ser ein at ein ikkje nødvendigvis treng å bu i byen for å ha jobb, ein kan jobbe frå heimekontor.
Tilbake til normalen
Knut Vareide ved Telemarksforsking peikar derimot på at det først og fremst er tala frå Oslo som skil seg ut.
Og dei fleste flyttar til omkringliggande kommunar. Ikkje til mindre distriktskommunar.
Han trur dei høge flyttetala etter kvart vil normalisere seg.
– Vi trur det er midlertidig og knytt til pandemien.
Det har vore ei lita oppbremsing i fråflytting frå bygdene den siste perioden, men det er så langt ikkje noko som tyder på at dette er ein langvarig trend, meiner han.
Trur folk vil flytte tilbake
Småbarnsforeldra Charlotte Hestenes Evensen og sambuaren Håvard Austevoll sier dei har fått det nye livet til å fungere på bygda.
– Det er fin natur, og gode naboar. Fellesskapet som er her ute har vi hatt stor glede av. Vi har tenkt at dette skal vere pensjonistbustaden vår.
Familien trur at folk kjem til å flytte tilbake til bygda etter kvart.
– Dei som flyttar vekk, skal gjerne studere, vi trur mange kjem til å returnere når dei er ferdig utdanna.