Hopp til innhold

Rekordkast av Raad

Gloppenjenta slo sin gamle norgesrekord.

Trude Raad
Foto: Sander Heggheim

Trude Raad , Gloppen FIL sikra førsteplass og sette like godt ny norsk juniorrekord i slegge på starten av andre dag i Nordisk juniorlandskamp på Fana Stadion.

Gode resultat

Den nye rekorden lyder på 58.90. Ho hadde sjølv den gamle sett under jr NM i Stavanger tidlegare i sommar. I same konkurransen sikra 16 årige Marte Rygg Årdal, Gloppen FIL ein svært sterk 4. plass med solide 53.51, få centimeter bak hennar personlege rekord frå senoir NM.

Laurdag slo Øyvind Kjerpeset (17), Florø T&IF til med bronse på 400 meter hekk med tida 55.20. Øyvind var beste norske og vart slegen av to finske løparar. I kulekonkurransen sikra Yngve Grøneng Havn, Florø T&IF ein 5. plass i kule med 16.75.

Meir i vente?

Seinare i dag deltar Sindre Rørvik i lengde, medan Trude Raad deltek i kule akkurat no. Ho har i første omgang fått opp lengda 12.82 som er like bak hennar personlege rekord. Det gjenstår dermed å sjå om klarar å setje to rekordar denne helga.