Hopp til innhold

Rekordimport av kjøt

Dei tre første månadene i år importerte Norge nesten 2500 tonn lammekjøt, nesten like mykje som i heile rekordåret 2007.

Sauer
Foto: Camilla Rudi / Scanpix/AFP

Også når det gjeld storfekjøt går det mot importrekord, det fortel organisasjonsansvarleg Endre Myhr Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund.

- Det er ein klar rekord, ja. Dei åra vi har målt dette har vi ikkje vore i nærleiken av dette. Vi går mot ein dobling i forhold til 2007. seier Myhr.

- Kva tykkjer du om dette?

- Det er veldig synd fordi norske forbrukarar etterspør norsk kjøt, og det gjer også industrien, seier Myhr.

Dårleg inntening

Sauebonde Per Ravndal i Sundsdalen meiner dårleg inntening for bøndene må ta skulda.

Han seier det er tøft å halde oppe motivasjonen når dei fleste andre yrkesgrupper har langt høgare timebetaling.

- Folk vel vekk sauehald til fordel for anna og betre betalt arbeid. Slik er det, seier han.

20 prosent av forbruket

Frå 2006 til 2007 auka importen kraftig, frå vel 450 tonn til over 2700 tonn i fjor. Og så langt i år er tendensen den same. Berre til no i år er det importert like mykje som i heile fjor. I år kjem importen av sauekjøt til å utgjere heile 20 prosent av totalforbruket.

- Eg tykkjer det er tragisk at Norge ikkje skal ha råd til å produsere saue- og lammekjøt som vi har gode føresetnadar for å gjere. Det er heller ikkje bra for miljøet at vi transporterer kjøtet rundt halve jorda i staden for å produsere det her, seier sauebonde Per Ravndal i Sundsdalen.