Hopp til innhold

Rekordhøgt sjukefråvær i bufellesskap

I nokre bufellesskap for utviklingshemma i Bergen er kvar fjerde tilsett sjukmeld. – Jobben går på helsa laus, seier helsepolitikar Mikkel Grüner (SV).

Mikkel Grüner

PÅ HELSA LAUS: – Sjukefråværet indikerer at dei tilsette ikkje har gode nok arbeidstilhøve, seier Mikkel Grüner (SV).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Opposisjonspolitikarar i Bergen slår alarm om rekordmange sjukmelde blant tilsette i kommunens 82 bufellesskap. Somme stader er sjukefråværet opp mot 25 %.

– Det er ein indikasjon på at dei tilsette ikkje har gode nok arbeidstilhøve. Jobben går rett og slett utover helsa deira. Dei tilsette opplever eit auka press, seier Mikkel Grüner i SV, som leiar helse- og sosialkomiteen i Bergen.

– Utviklinga har gått feil veg i fleire år. Det verkar jo som det er ei tøff belastning. Ein god del bufellesskap har høgt sjukefråvær år etter år, og det snur ikkje til det betre heller, seier Jana Midelfart Hoff i Høgre.

Jana Midelfart Hoff

KRITISK: – Utviklinga har gått feil veg i fleire år, seier Høgres Jana Midelfart Hoff.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Langt over landsgjennomsnittet

I norsk arbeidsliv er sjukefråværet generelt rett under 7 prosent. I Bergen kommunes bufellesskap har det gjennomsnittlege sjukefråværet dei siste fire åra auka frå 10 prosent til 11 prosent. Dei siste fire kvartala utgjorde sjukefråværet 127 av totalt 1067 årsverk.

– Sjukefråværet er for høgt, seier helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF).

Ole-Daniel Virkesdal

127 ÅRSVERK: Etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal konstaterer at sjukefråværet på 11 prosent svarar til 127 tapte årsverk.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

– Det er eit nivå me heile tida jobbar for å få ned, seier Ole-Daniel Virkesdal, direktør i Etat for tenester til psykisk utviklingshemma.

NRK har fått fersk statistikk som viser at om lag kvart femte bufellesskap i Bergen har over 15 prosent sjukefråvær, og fire av dei har over 20 prosent.

Belastningsskadar

Etatsverneombod Henning Åsheim etterlyser betre statistikk på årsakene.

– Eg trur ikkje folk er flinke nok til å kryssa av når det er jobbrelatert sjukefråvær. Det er nok underrapportering.

Vigdis Anita Gåskjenn

KREVJANDE: – Sjukefråværet speglar i stor grad belastninga i yrket, seier helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF).

Foto: Jon Bolstad / NRK

Gåskjenn er klar på at arbeidspresset er ein viktig grunn.

– Sjukefråværet speglar i stor grad belastninga i yrket – at nokon har belastningsskadar. Dette er krevjande arbeidsplassar. Men då må me gjera grep for å gjera arbeidssituasjonen betre.

– For fort i svingane

Ho ønsker fleire fulltidsstillingar i kommunen og ordningar med langturnus.

– Det kan vera ei god løysing for både brukarane og dei tilsette i bufellesskapa.

Hovudtillitsvald Renathe Remes Øen i Fellesorganisasjonen seier tilsette i bufellesskapa no opplever både meir toppstyring og store omleggingar av arbeidskvardagen.

Renathe Remes Øren

KRITISK: Renathe Remes Øen i Fellesorganisasjonen meiner store omleggingar av arbeidskvardagen i bufellesskapa gir meir sjukmelding.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det å få mange endringar på kort tid trur eg har vore med på å påverka dei tilsette og sjukefråværet negativt. Her går det altfor fort i svingane.

– Vond sirkel

Åsheim meiner «elefanten i rommet» som det blir snakka lite om, er for dårleg bemanning.

– Det viktigaste er å ha nok folk på jobb og få inn nok vikarar når folk er sjukmelde. Er det tre på jobb når det skulle vore fem, endar det sjølvsagt med at folk blir slitne og til slutt går på ein smell. Då blir sjukefråværet ein vond sirkel.

Gjer kostnadseffektivitet skulden

Leiar i Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU), Jens Petter Gitlesen, er langt frå overraska over det høye sjukefråværet.

– 25 prosent er nok høgare enn gjennomsnittet, men du finn lett bufellesskap med enda høgare sjukefråvær, seier Gitlesen.

Han meiner det er blitt for stort fokus på kostnadseffektivitet, og at dette slit både på dei ansatte og på brukarane.

– Bebuerane skal ha aktive og meiningsfulle liv. Skal man få det til, må dei ansatte kjenne dei godt. Lite tid til fagmøter og stor bruk av ufaglærde tilkallingsvikarar gjer ein utfordrande situasjon enda meir utfordrande, seier NFU-lederen.