Hopp til innhold

Har betalt ti millionar kroner for avlingssvikt

Bøndene i fylket får ti millionar kroner i erstatning for skade den vanskelege vinteren gjorde i fjor.

Frostskader på marka

MYKJE SKADER: Den harde vinteren i fjor gjorde ikkje bra for verken engar eller fruktavlingane. No har Fylkesmannen summert opp erstatningsutbetalingane.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær seier dei har fått inn 178 søknader frå bønder i fylket.

Utbetalinga bikka ti millionar kroner. Haugsvær seier han aldri før har vore borti liknande tal.

– I 2011 betalte vi ut 3,9 millionar kroner. Dette er over dobbelt så mykje som då. Vi håpar det blir lenge til neste gang vi får tilsvarande utbetalingar, seier han.

– Svikt i heile fylket

Tala viser at kommunane Jølster, Førde, Gaular og Naustdal fekk ei samla utbetaling på 3,5 millionar kroner fordelt på 82 søknader. Innan frukt og bær har Vik og Lærdal fått dei største utbetalingane med tre millionar kroner fordelt på 23 søknader.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Søknader om erstatning etter avlingssvikt

Vekstgruppe

Tal søknader

Sum søknader

Snitt erstatning

Gras på bruk med husdyr

108

4.632.000

46.318

Gras på bruk utan husdyr

15

753.000

53.824

Bær

47

4.461

120.584

Frukt

8

299.000

49.766

Det har også vore stor skade på frukt/bær og gras i Stryn, Hornindal og Gloppen. Her er det betalt ut 2,6 millionar fordelt på 41 saker.

– Det er svikt over heile fylket. Vi ser vinteren i fjor var heilt annan enn i år, og gav betydeleg trykk for plantane og ein økonomisk trykk for bøndene, seier Haugsvær.

Trur på rekord

Maksbeløpet Fylkesmannen kan betale ut er 750.000 kroner. Ingen av utbetalingane har nådd så høgt, men Haugsvær seier dei høgaste beløpa passerte 600.000 kroner.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Avlingsnivå pr. dekar for gardsbrukt som søkte erstatning

Vekstgruppe

Snittavling

Maks avling pr. dekar

Minimums avling pr. dekar

Gras på bruk med husdyr

322

573

111

Gras på bruk utan husdyr

477

550

345

Bringebær

1.074

1.875

522

Jordbær

603

956

219

Frukt

809

1.118

423

Medan 2013 gav rekordhøge erstatningsutbetaling, trur Haugsvær på ein heilt annan rekord i 2014.

– No ser ut til å vere ein flott vår på gang. Det er ikkje frost i jorda og mykje eng vart fornya og sådd til i fjor sommar. Vi trur det ligg an til ein kjempegod vekstsesong og rekordstore avlingar.