Hopp til innhold

Rekordår for oppdrettsnæringa

2010 var det beste året for oppdrettsnæringa på svært lenge.

Laks i mære

REKORD: Oppdrettsnæringa har hatt ein knallgodt år i 2010.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

- Det er det desidert beste året vi har hatt, seier regionsjef i Vestnorsk Havbrukslag, Hans Inge Algrøy.

Aldri vore så bra

På landsplan har eksporten av laks aldri vore større.

Kiloprisen har gått opp med nesten sju kroner sidan 2009, noko som har gitt svært gode resultat for laksenæringa også i Sogn og Fjordane.

Ved Norwell i Florø har dei all grunn til å smile. Trass i auka prisar har framleis selt unna store mengder med fisk.

Omsetjinga har auka med rundt 30 prosent.

- Vi er i ferd med å få ferdig rekneskapen for fjoråret, men det ser veldig bra ut, seier Ingrid Kassen.

– Positivt også for resten av næringslivet

Rundt om kring hos oppdrettarane sit mange no med kalkulatoren i handa. Rekneskapen for fjoråret er i sluttfasen og det vert mange gode resultat.

- Fjoråret er på alle måtar eit rekordår. Det er i tillegg ganske mykje betre enn det som er det nest beste året vi har hatt, seier Algrøy.

Eksporten av laks auka i fjor med 8 milliardar kroner. Regionsjefen trekk fram at dette også får positive effektar for andre.

- Det positive resultatet har positive ringverknadar for resten av næringslivet i form av både arbeid og inntekt. Havbruksnæringa har blitt ei hovudnæring på kysten av Sogn og Fjordane og den dreg med seg også resten av næringslivet, seier Algrøy.

- Eit eventyr

Ola Braanaas

NØGD: Ola Braanaas i Gulen skildrar 2010 som eit eventyr for oppdrettarane.

Foto: Vegard Foseide / NRK

Også frå Marø Havbruk på Svanøy kan Elin Tveit Sveen melde om svært stor etterspørsel. Og ser allereie fram i mot 2011.

- Det er venta at etterspurnaden vil halde seg, så vi reknar med at dette vert eit godt år, seier Tveit Sveen.

Den største fiskeoppdrettaren i fjordfylket, Ola Braanaas oppsumerar året slik.

- Det har vore eit eventyr.