Hopp til innhold

Rekord for ærverdig hotell

Walaker Hotell i Solvorn har sitt beste resultat på 371 år. Overskotet blir truleg på ein million kroner.

Walaker Hotell

GODT ÅR: Walaker Hotell i Solvorn hadde rekordomsetnad i fjor.

Foto: NRK

I fjor fekk hotellet i Luster ein omsetnad på 8,5 millionar, det beste resultatet i hotellet si historie, skriv e24.no. Det har vore hotelldrift ved det ærverdige hotell sidan 1640.

– Vi hadde ambisjonar om åtte millionar, så vi er veldig nøgde, seier hotelldirektør Ole Henrik Nitter Walaker til nettavisa.

Hotellet har 22 rom og har berre opent halve året, frå slutten av april til byrjinga av oktober. I 2010 var omsetnaden 7,6 millionar kroner.

Walaker trur grunnen til suksessen er at dei tenkjer langsiktig.

– Her er eigar og drivar dei same og vi ser ti til femten år fram i tid. Heile overskotet blir ført tilbake til drifta.

Og dei ligg heilt i Norgestoppen når det gjeld inntening per rom dei har. Hotellet ligg tett opp under 2000 kroner, medan hotellbyen Stavanger ligg på om lag 700 kroner.