Førstekandidat Åge Starheim er overtydd om at partiet for første gang vil få ein stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane etter valet.
Hetskampanje
Han trur ikkje utspela til partileiar Carl I. Hagen mot statsminister Kjell Magne Bondevik har skada partiet.
- Det har i lengre tid vore drive ei hetskampanje mot Hagen frå regjeringspartia. Eg ser ikkje noko annleis på det som Hagen har sagt enn det fleire representantar frå regjeringspartia har sagt tidlegare, seier Starheim.