Hopp til innhold

Reiselivet vil gi turistar do-opplæring

19.000 fjellvandrarar set sine spor. På godt og vondt. No vil bygdefolket gi dei do-opplæring.

Aurlandsdalen

POPULÆRT TURMÅL: Aurlandsdalen i Sogn blei i år besøkt av kring 19.000 personar.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Vakre og segnomspunne Aurlandsdalen strekk seg frå Vassbygdi i Aurland til Geiteryggen, ved vasskiljet mot Hallingdal. Ruta går igjennom vakre og ville dalføre, med tilhøyrande høgfjell og rike beiter for bufe og villrein.

Slik lyder det når turistforeininga skildrar Aurlandsdalen. Men det er ikkje heile forteljinga.

– Vi ser altfor mange spor etter toalett-turar, seier Snædís Laufey Bjarnadóttir, som er prosjektleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

I år fann kring 19.000 turistar vegen gjennom dalføret. Og ikkje alle spora deira er av det hyggjelege slaget.

Blant det som ligg att i naturen er toalettpapir, våtserviettar og avføring.

Så no skal turistane få do-opplæring av bygdefolket.

Med ein god dose humor, understrekar Bjarnadóttir.

Sogn Avis melde om saka først.

Snædís Laufey Bjarnadótter, prosjektleiar Nærøyfjorden Verdsarvpark

MED HUMOR: Å lære turistane skikk og bruk når dei skal gå på do i naturen er eit prosjekt ein må gjennomføre med glimt i auget, seier prosjektleiar Snædís Laufey Bjarnadóttir i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Foto: Bengt Erlend Skjerdal / Nærøyfjorden Verdsarvpark

Ha med do-sett

Oppskrifta er beint fram. Turistane blir oppmoda til gå på do før dei legg ut på tur, bruke toaletta som finst, og å ha «gode rutinar for dobesøk» i naturen.

– For eksempel å ha eit godt do-sett i sekken, seier Bjarnadóttir.

Og kva inneheld så eit godt do-sett? Gjerne ein liten spade, desinfiserande middel til hender, våtserviettar eller dopapir og dobbel søppelpose.

Eit anna triks er å halde seg vekke frå rasteplassar, stølsområde og stiar.

– Så må dei gjerne lage eit hol som er lett å dekke til med ein stein eller ved å grave over.

Do-kit

DO-SETT: Kjekke ting å ha med ved dobesøk i naturen: Spade, desinfiserande middel, våtserviettar/dopapir og posar til søppel.

Foto: Nærøyfjorden Verdsarvpark

Problem i Lodalen og Lofoten

Andre turistmagnetar har hatt same utfordringar. I Lodalen i Stryn har både lokalbefolkninga og kommunen vore nøydde til å ta grep.

Med vekslande hell.

– Særleg i samband med pandemien har turistrafikken auka, og fasilitetane held ikkje tritt med auken, fortel miljøkoordinator Sonja Servan i Stryn kommune.

I Lofoten har det vore meldt om liknande problem.

Under pandemien var det mange som for alvor oppdaga friluftslivet. Den Norske Turistforening (DNT) byrja då å kurse folk i skikk og bruk.

– Folk flest er flinke, men mange ferskingar betyr også at fleire ikkje veit kva som gjeld på tur, sa rådgivar Tina Skare i DNT til NRK i vår.

Har fått fleire toalett

I facebookgruppa «Venner av Aurlandsdalen» har toalettkapasitet og problemet med tilgrising vore drøfta i fleire år.

Både verdsarvparken, grunneigarar, næringsliv, Aurland kommune, verneområdeforvaltinga, vennegrupper og Visit Sognefjord har vore involverte.

Til no har dei ikkje funne ei endeleg løysing på korleis kursinga av turistane skal gjennomførast, men video er eitt av alternativa dei vurderer.

Håpet er å få plass både fleire toalett og do-opplæring før høgsesongen neste sommar.

– Det må vi satse på at vi får til, seier Bjarnadóttir.